annonse

Full togstans på Bergensbanen torsdag

POLITISK STREIK
POLITISK STREIK: Toga på Bergensbanen kjem til å stå mellom klokka 12 og 14 torsdag. (Foto: Lars Olve Hesjedal / arkiv)

Lokomotivførarane og jernbanearbeidarane varslar politisk streik med full togstans på Bergensbanen torsdag.

Geir Geitle

Bakgrunnen er at dei meiner at regjeringa vil flytta råderetten over jernbanen til EU. Dette går fram av ei pressemelding Norsk Lokomotivmannsforbund og Norsk Jernbaneforbund sende ut tysdag kveld.

Politisk streik

Dei to forbunda krev at Stortinget har råderett over jernbanen for komande generasjonar.

– Derfor går me til politisk streik over heile landet 10. oktober mellom klokka 12.00 og 14.00. Det skal haldast demonstrasjonar i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. I tillegg vert det mindre markeringar over store delar av landet, opplyser Øystein Dypedal, som er leiar i Lokomotivpersonalets Forening Bergensbanen.

I Bergen blir det markering på Torgalmenningen torsdag kl 12.45-13.30.

EU si fjerde jernbanepakke

Stortinget skal i år ta stilling til EU si fjerde jernbanepakke.

– Seier Stortinget ja, blir Noreg pålagt å gje frå oss suvereniteten over eigen jernbane. Statens Jernbanetilsyn blir avskilta og Noreg må innføra EU sin jernbanepolitikk til evig tid, utanfor Stortinget sin kontroll, meiner Dypedal som listar opp desse punkta:

• EU si fjerde jernbanepakke vil ta frå Noreg sjansen til å bestemma tryggleik og organisering av jernbanen.

• EU vil gjera anbod, privatisering og konkurranseutsetjing obligatorisk for all framtid.

• EU vil lata togselskapa sjølve bestemma opplæring, bemanning og kompetanse.

– Me krev felles regelverk for alle som køyrer persontog i Norge, gjer forbunda klart i pressemeldinga.

– Avdemokratiserer jernbanen

– Regjeringa vil avdemokratisera jernbanen, som er mellom den viktigaste infrastrukturen i landet. Dette har ingenting med modernisering å gjera. Me seier ja til toget som transportmiddel i framtida, og nei til EU si fjerde jernbanepakke, seier Jane Brekkhus Sæthre, forbundsleiar i Norsk Jernbaneforbund.

– Regjeringa vil flytta makta til EU, og gjera anbod, konkurranseutsetjing og privatisering obligatorisk på jernbanen for all framtid, seier Rolf Ringdal, forbundsleiar i Norsk Lokomotivmannsforbund.

– Heilt unødvendig

Regjeringa har alt vedteke jernbanereforma. Å vedta EU si jernbanepakke er derfor ikkje nødvendig, men vil låsa norske folkevalde til denne måten å organisera jernbanen på for all framtid, meiner dei to forbunda.

– Og, norsk jernbane har hatt grensekryssande tog i over hundre år. Me har hatt samtrafikk med felles personell som kryssar grensene før EU sine jernbanepakker oppsto. EU si fjerde jernbanepakke er derfor heilt unødvendig for å sikra tog over grensene, ifylgje Rolf Ringdal.

Regjeringa skriv på nettsidene sine at Statens jernbanetilsyn framleis skal ha siste ordet om tryggleiken på norsk jernbane. - Me kan framleis ivareta dei strenge krava våre til tryggleik og kontroll, skriv samferdsledepartementet.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse