annonse

Fullt trøkk i Badnajazz-paraden

LEDA AN
LEDA AN: Olav Undeland og Badnajazzkoret leia an ferda.
I AKSJON
I AKSJON: Guro (5) hadde blitt måla i fjeset. I sekken hadde ho med seg noko ingen andre kunne sjå.
TRØKK
TRØKK: Det var ei stor folkemengd som vandra gjennom sentrum og song laurdag.
MYKJE LYD
MYKJE LYD: Med trommer, grytelok og diverse andre rytmeinstrument var paraden lett høyrbar i sentrum.

Torget var fullt då startsskotet gjekk laurdag føremiddag.

Siri Flatlandsmo

Med Olav Undeland som forsongar, følgjer Badnajazz-koret og hundrevis av menneske etter.

God stemning

Det må vera over hundre menneske som passerer kyrkja, på veg til Kulturhuset, akkompagnert av livlege rytmar. Dei unge, vandrande jazzmusikanrane har trommer, grytelok og andre rytmeinstrument i hendene. På førarbilen sit eit heilt band som saman med Undeland set tonen.

- Sei oh, oh, oh, oh! Da e' Badnajazz! syng Undeland, og resten syng med.

- Kjempegod musikk!

Guro Kyte Skorve (5) har eit hjarte i panna. Mon tru kva ho synst er det beste med badnajazzen?

- God musikk, svarar ho.

Enkelt og greitt. Ho, Silje Kyte Hommedal (7) og Oda Kyte Hommedal (7) går i toget, lagar rytmar og syng med.

- Det er kjempegod musikk! stemmer Oda i.

Kan songen

Desse jentene har full kontroll. Dei har høyrt Badnajazz-songen før, mange gonger.

- Olav er lærar på skulen vår, forklarar Silje.

Dei har altså øvd på førehand, og dét høyrer ein.

Ber på ein løyndom

Ved Fleischer's står ei lang, lang rekkje med bilar og ventar på at toget skal passera. Dei må rett og slett smørja seg med tålmod.

Sjølv om det var enormt mange vandrarar ein kunne sjå med det blotte auge, er det éin ingen veit om. I ryggsekken ber Guro med seg ein løyndom.

- Eg har med meg ryggsekk berre for kosedyret mitt, fortel ho.

Kosedyret viste seg ikkje under paraden.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.