annonse

Fylkeskonservatoren vil ha verna åtte kunstnarheimar

VIL VERNA
VIL VERNA: Bergslitræet, ein husmannsplass i Prestegardsmoen der dei to kunstnarane Knud og Brynjulf Bergslien vaks opp, er ein av bustadane på Voss som no er føreslegne verna. (Foto: Vidar Herre)

Ingen av kunstnarheimane på Voss varig verna. Det bør dei bli, meiner fylkeskonservatoren.

Rolf Tepstad

Alt i 2011 spela fylkeskonservatoren inn åtte konkrete verneobjekt til kommunen.

- Desse heimane representerer ein stor rikdom på kulturarv, historie, gjenstander og bygningsarkitektur gjennom 150 år, fastslår konstituert fylkeskonservator David Aasen Sandved overfor Hordaland.

- Dét var òg bakgrunnen for at fylkeskommunen løyvde midlar til den kartlegginga som no er gjennomført på Voss, av Ole Didrik Lærum med fleire. Kartlegginga gjev ikkje noko formelt vern i seg sjølv, men bringar oss kunnskap om kulturminna. Kunnskap som ikkje minst er nyttig for kommunen sjølv, ved arealplanlegging, understrekar Sandved.

- Mangla avklaring

Voss kommune fekk alt i 2011 innspel frå Hordaland fylkeskommune om å ta dei særmerkte kunstnarheimane med i kommuneplanen.

«Oppfølgande tiltak kan vera auka merksemd på vern, vøling og formidling av eigedomane, gjerne som eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Voss kommune, Hardanger og Voss museum og lokale krefter», heitte det i innspelet som kom ved førre rullering av kommuneplanen.

- Men den gong hadde me ikkje nok avklaring av eigartilhøve og avgrensingar av områda kring bygga til at me kunne ta det inn i planen, seier Gunnar Bergo, som er plan- og miljøvernsjef i Voss kommune.

- Skal bygga få vernestatus, lyt me dermed anten avventa neste rullering av kommuneplanen, som truleg startar i 2017. Alternativt lyt det skje gjennom plan- og bygningslova med ny reguleringsplan for kvart av bygga, seier Bergo.

Åtte kunstnarheimar

Kunstnarheimane Hordaland fylkeskommune har spela inn til Voss kommune med tanke på vernestatus er fylgjande:

? Bergslitræet, ein husmannsplass i Prestegardsmoen der dei to kunstnarane Knud og Brynjulf Bergslien vaks opp.

? Norsk Kunsthandverksskule, teikna av Magnus Dagestad.

? Tintrabakken, der kunstnarparet Helena Bu og Magnus

? Rosereiret, heimen til kunstnaren Magnus Dagestad frå 1920 til han døydde i 1957.

? Sævelid, Osavegen, teikna av kunstmålaren Lars Osa, og dette var heimen til både han, deretter sonen, spelemannen Sigbjørn Osa, og no skode- spelaren Liv Osa.

? Slottet, Horvei ved Bolstadøyri, gildehuset til diktaren Knut Horvei, teikna av Magnus Dagestad.

? Gamlestova, Tvinne, barndomsheimen til skodespelaren Lars Tvinde.

? Stove etter Styrk Hirth, treskjeraren, på Mørkve i Myrkdalen.

- Utløyser tilskot

- Den økonomiske sida av saka, vert dét eigaren sitt problem åleine eller utløyser ein formell vernestatus offentlege tilskot?

- Ein formell vernestatus vil opna opp for tilskotsmidlar som skal kompensera for anti­kvariske meirkostnadar. Verna bygg kan få midlar frå kulturminnefondet, freda bygg i privat eige kan få tilskot frå midlar fylkeskommunen får frå statsbud-sjettet.

Kommunane har eit særleg ansvar for lokale kulturminne som ikkje er freda etter kulturminnelova, påpeikar den konstituerte fylkeskonservatoren.

- Fylkeskommunen og Riksantikvaren har ansvar for kulturminne av regional og nasjonal verdi. Fylkeskommunen og Riksantikvaren har utarbeida ein fredingsstrategi mot 2020, og me vil no nytta rapporten frå Voss som eitt av grunnlaga for dette arbeidet i vår region, opplyser David Aasen Sandved vidare.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.