annonse

Fylkesmannen reiser motsegn til Bømoen-planen

MOTSEGN TIL BØMOPLANEN
Motsegn til bømo-planen: Fylkesmannen fremjar ei meir generell motsegn til planen, knytt til at planen går ut over rammene som er fastsette i overordna plan og at han, slik han ligg føre, òg vil koma i strid med viktige føresetnader i kommuneplanen. (Foto: Ingerid Jordal)

Fylkesmannen i Hordaland meiner utbyggingsplanane for Bømoen er for omfattande.

Geir Geitle

Dette kjem fram i ein uttale som Fylkesmannen har sendt over til Voss kommune i dag. Politikarane i Voss formannskap vart orienterte om uttalen i møtet sitt tysdag.

Det er kome fleire statlege motsegner til planen, både frå Direktoratet for mineralforvaltning, NVE og frå Statens vegvesen.

Her er hovudtrekka i uttalen frå Fylkesmannen:

Voss har alt nok bustadareal

I uttalen skriv Fylkesmannen at planen for Bømoen opnar for bustadbygging i området. Samstundes viser utrekningar i arealdelen til kommuneplanen av 2015 at det alt er eit stort bustadpotensial i den definerte senterstrukturen til kommunen. Sjølv med ein betydeleg kraftigare vekst i folketalet enn det SSB sine prognosar legg opp til, har kommunen nok bustadareal til å dekkja framtidig folkevekst i overskodeleg framtid utan å realisera Bømoenplanen, meiner Fylkesmannen.

Potensialet for fortetting og transformasjon bør, slik kommuneplanen òg legg opp til og Fylkesmannen fullt ut er samd i, då utnyttast før nye utbyggingsområde vert tekne i bruk.

Kommuneplanen har som målsetjing at Voss kommune skal kunna ta del i den venta folkeauken i bergensområdet i tida framover. No er rett nok prognosane for folketalsauke i Bergen justert ned noko. Men premissane for at Voss kan ta del i denne veksten vil vera ei opprusta jernbane, og etablering av ny og trygg E-16. Planforslaget legg vekt på at Bømoen skal ha ei rolle som ein arealreserve som gradvis kan utviklast for å ta høgde for auka vekst i folketalet. Fylkesmannen meiner difor det då kan vera naudsynt å knyta rekkjefylgjeføresegner for utbygging av Bømoen, knytt til realisering av nemnte infrastrukturprosjekt.

For stort forretningsareal

Vidare skal handelsverksemd og private- og offentlege tenestetilbod retta mot publikum lokaliserast ut frå ei regional heilskapsvurdering tilpassa eksisterande og planlagt senterstruktur.

Etablering av inntil 21 000 m² BRA forretning, 68 500 m² BRA kontor, 60 500 m² BRA industri/lager og 23 000 m² BRA kombinert næring/idrett vil endra på den definerte senterstrukturen på Voss. For ikkje å vera i konflikt med statlege føresetnader og regional planføresegn for detaljhandel, må føresegnene vera endå tydelegare på kva som kan tillatast av plasskrevjande varer og gjerne forklart med ulike vareslag.

– Me kan t.d. ikkje sjå at det er trong for så mykje areal for engrosforretning, handel eller lager på Bømoen. Det kombinerte arealføremålet bustad/forretning, BBF, opnar for inntil 4 000 m² BRA forretning. Det er i strid med regional planføresegn, og må reduserast vesentleg for at Bømoen ikkje skal verta eit handelsområde i konkurranse med etablerte handelsstrukturar i kommunen, meiner Fylkesmannen.

Planlegginga skal som kjent òg bidra til å avgrensa transportbehovet og leggja til rette for klima- og miljøvenlege transportformer. For at Bømoen skal kunna vurderast i samanheng og i tilknyting til definert sentrumsareal i kommuneplanen, må det etablerast nye gang- og sykkelsamband i retning sentrum. I handlingsplan til Nasjonal transportplan er det sett av midlar til gang- og sykkelveg langs Rv13 frå Palmafossen til Tvildemoen i fyrste fireårsperioden.

Handlingsprogrammet er p.t. ikkje stadfesta. Fylkesmannen meiner uansett at det må vurderast om det skal utformast rekkjefylgjekrav om opparbeiding av denne gang- og sykkelvegen før bustadetablering på Bømoen kan ta til.

Samd i reduksjon av bustader

Fylkesmannen er elles samd i vurderingane til administrasjonen i Voss kommune når det gjeld reduksjon av talet på bustadeiningar, næringsetableringar og forretningsføremål.

Støy

Bustadområdet B5 er lokalisert i den gule støysona. Det er ifylgje støyretningslinene ei vurderingssone. Bygg med støyfølsam bruk kan oppførast, dersom avbøtande tiltak gjev tilfredsstillande støyforhold. Det er generelt vanskeleg å gardera seg mot flystøy ovanifrå.

– Fylkesmannen kan vidare ikkje sjå at det er trong for å etablera nye bustader på Voss i område som er utsette for støy. Me er også kritiske til etablering av kontor og anna føremål som opnar for varig opphald og overnatting i flystøysonene.

Fylkesmannen legg til grunn at intensjonen er å ta i bruk eksisterande bygg på Bømoen til nye føremål.

Voss kommune har i dialog med Fylkesmannen takka ja til å drøfta potensielle motsegner i samordningsmøte med statsetatane, før Fylkesmannen tek endeleg stilling til motsegnene. Møtet vart halde den 16. januar i år i Bergen.

Fylkesmannen fremjar motsegn

Fylkesmannen viste til at planen i sum utfordrar interesser og omsyn som må handterast i ein overordna plan og meinte at det vil vera naudsynt å setja planarbeidet på vent i påvente av rullering av kommuneplanen. Sentralt i så måte er balansen mellom Vangen som kompakt region- og kommunesenter og tilhøvet til regional plan for attraktive senter og statlege planretningsliner for samordna bustad- areal og transportplanlegging.

På det grunnlaget finn Fylkesmannen det naudsynt å fremja motsegn til planen.

Støytemaet vart òg omtala særskilt. – Me oppfatta at det var semje om at det er trong for ei ny støyvurdering, før ein kan vurdera dei reelle verknadene av planen på dette temaet, melder Fylkesmannen.

Konklusjon:

I denne saka oppfatta Fylkesmannen at den utvida dialogen med kommunen delvis har ført fram. 

- Me legg til grunn at kommunen no vil arbeida vidare med planen i dialog med dei aktuelle styresmaktene, med sikte på å koma dei statlege interessene i møte, og at det deretter vil verta gitt høve for partane til å uttala seg på nytt. På det vilkåret vil Fylkesmannen kunna utsetja vurderinga si av dei einskilde, detaljerte motsegnspunkta.

Det er likevel fremja ei meir generell motsegn til planen, knytt til at planen går ut over rammene som er fastsette i overordna plan og at han, slik han ligg føre, òg vil koma i strid med viktige føresetnader i kommuneplanen, knytt til fastlagt senterstruktur og lokalisering av bustad og næring. Fylkesmannen vil vera open for ein vidare dialog om ei eventuell planløysing for delar av området og delta på møte, dersom kommunen ynskjer det.

Då det er knytt motsegn til planen, kan han ikkje vedtakast av kommunen slik han ligg føre ved utsending til offentleg ettersyn.

– Me legg til grunn at Voss kommune no vil arbeida vidare med planframlegget med sikte på å løysa dei punkta der det er peika på motstrid med statlege interesser i planlegginga og at statsetatane deretter får høve til å uttala seg på nytt. På generelt grunnlag ber me om at kommunen held andre partar med interesse i planarbeidet orienterte om utfallet av drøftingane, melder assterande fylkesmann Rune Fjeld og fagdirektør Egil Hauge på vegner av fylkesmann Lars Sponheim.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.