annonse

Fylkespolitikarane vel E16 som hovudsamband i nord

FYLKESPOLITIKARANE HAR TALA
FYLKESPOLITIKARANE HAR TALA: Dei vil ha denne vegen som ein av to hovudvegar mellom aust og vest. ARKIV (Foto: Kjell Wold)

Fylkespolitikarane vil ha E16 over Filefjell og E134 hovudvegsamband mellom aust og vest.

Karl Ystanes

Fylkesutvalet er samla i Ullensvang onsdag og torsdag denne veka. Mellom sakene dei tek stilling til er uttale til Vegvesenet si «Konseptvalutgreiing (KVU) for Rv 7 over Hardangervidda og Rv 52 Gol-Voss.»

Utgreiinga er ein del av arbeidet med å bestemma kva for to vegar mellom Austlandet og Vestlandet som skal få status som hovudsamband. E134 er alt bestemt som det eine.

KVU'en for dei andre kandidatane er ute på høyring, og uttalen til Fylkesutvalet er endeleg tale frå fylket. Saka går deretter vidare til Stortinget, som skal fatta endeleg avgjerd i løpet av 2017, mest truleg innan juni i samband med arbeidet med Nasjonal Transportplan 2018-2029.

Saka har vore handsama i fylkesutvalet for miljø og samferdsel (MISA), og torsdag opna fylkesordførar Anne Gine Hestetun for debatt og votering, i ei sak som har vekt «svært stort engasjement», ifylgje Hestetun.

«RV 52 er ulønsam»

Etter å ha lufta fleire framlegg til endringar i innstillinga frå fylkesrådmannen, landa fleirtalet av politikarane likevel på å gå for forslaget til rådmannen og MISA.

Det betyr at Fylkesutvalet vil ha E134, med ein arm til Bergen som hovudsamband i sør, og ber om at ein set i gang med KVU for denne armen. I nord vil dei ha E16 over Filefjell som hovudsamband.

I vedtaket heiter det mellom anna at «Det er gjort store investeringar på E 16 over Filefjell som er føresett fullført innan 2018. Fylkesutvalet viser at utbygging av Rv 52 er samfunnsøkonomisk ulønsam. Fylkesutvalet legg derfor til grunn at E 16 blir halde oppe som det nordlege hovudsambandet mellom Vestlandet og Austlandet. (Vedteke med 13 mot 2 (SV, MDG)).»

Vidda på vent

Når det gjeld lagnaden til Rv 7 over Hardangervidda i denne saka, seier fylkespolitikarane at dei vil sikra villreinkryssing og «best mogleg» vintersikkerheit på Rv 7 over Hardangervidda, ved å vurdera å fylgja konklusjonen i KVU Rv 7 frå oktober 2015. Her vert det opna for å laga ein tunell under Dyranut på 6,3 kilometer, dersom stengingsregimet i høve til villreinkryssing ikkje fungerer, eller om det vert for vanskeleg å halda sambandet ope nok, for vêr og vind.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse