annonse

Fyrste sommaren som pensjonist for Magne Tesdal

NYT SITT OTIUM
NYT SITT OTIUM: Snikkararbeid er ein av dei store hobbyane. Hytta med fleire bygningar rundt har han bygt sjølv, og no kan han nyta dagane. (Foto: Geir Geitle)
TRIVST I HYTTEKROKEN
TRIVST I HYTTEKROKEN: – Fjellet, skogen og hytta er liksom livet mitt, det, seier Magne Tesdal. Som 83-åring gjekk han i vår av frå deltidsjobben på Esso-stasjonen på Vangen. Hytta ovanfor Tesdalen på Bordalen er ein kjær plass for pensjonisten. (Foto: Geir Geitle)
MAGNETUNET
MAGNETUNET: Gode vener har skilta inn mot hyttetunet. Her har Tesdal lagt si sjel i mange sindige løysingar. Opp tek han seg med traktor. (Foto: Geir Geitle)
ESSO-VETERANEN
ESSO-VETERANEN: Magne Tesdal slik mange kjenner han. Her med Birger Rokne, ein av sine stamkundar, grytidleg ein morgon i februar 2005. (Arkivfoto: Geir Geitle)

– Her er mitt paradis, kongerike eller kall det kva du vil, seier Magne Tesdal. Som 83-åring har han omsider gått inn i pensjonistane sine rekkjer.

Geir Geitle

For mange er Magne Tesdal kjend som den aller største Esso-veteranen. I meir enn 60 år har han tenestegjort på Esso-tasjonen på Vangen, lenge som arbeidsleiar, og siste åra som arbeidstakar.

Ikkje minst har han vore kjend mellom morgonfuglane. Rundt klokka 06 har som regel Magne vore på plass, klar til å by på kaffi og rykande ferske bollar frå butikken.

– Eg har trivest veldig godt i jobben, seier Magne som i vår tok farvel med sin kjære arbeidsplass. Helsa er ikkje lenger som ho var, og med overgangen til de Luca vart det også naturleg å runda av eit langt arbeidsliv.

– Så hadde eg liksom alderen òg! seier han med sin lune humor.

Med sine 83 er det neppe mange som slår han i å ha vore mellom dei eldste arbeidstakarane i landet.

Fjellet, skogen og hytta

Men gjerandslaus går han ikkje. Fjellet, skogen og hytta har alltid vore kjære hobbyar, og no har han lagt bak seg fyrste sommaren som pensjonist med endå meir tid til hobbyane.

Tesdal har alltid vore ein sosial person, og saknar den gode kontakten med kundane. Denne sommaren har han likevel møtt mykje folk på hytta ovanfor Tesdalen på Bordalen. – Her har vore stor trafikk med folk som skal på stølsturen til Roksbotn. Eg har fått mang ein god prat, og det set eg stor pris på, seier han.

Snikkering og bygging har også prega Magne Tesdal sitt liv. Han vaks nær sagt opp med hammar og spikar, og bygde både eige hus og hytta som stod ferdig i 1969.

Hytteeigedomen har han lagt si sjel i, og innreidd slik at han skal kunna bruka draumeplassen sjølv om helsa skrantar.

Vindmølle gjev straum

Elektrisitet har han ordna seg med ei eiga, lita vindmølle.

Mølla forsyner både leselampar, fjernsyn og andre småting med straum.

I tillegg har han aggregat han fjernstartar innefrå hytta med å trykkja på ein knapp.

Han har også bygd anneks, uthus og eit par buer. Nede i Tesdalen har han sett opp ei hytte som ein garasje til firehjulingen.

Tidlegare hadde han ansvaret for ei sankebu oppå Sandfjellet, og han har sett i stand ein familieeigedom i Eidfjord.

– Det er her eg trivest

Turen opp til hytta tek 83-åringen med traktor. Vinterstid køyrer han ATV med belte.

– Det er slutt på den tida då eg sprang som ein hjort i fjellet. No held det med å rusla ein tur ut i Slettelia, rett ovanfor her. Eg er glad eg kjem meg på hytta, det er her eg trivest, seier han.

Born og barneborn er viktige og hjelper til for at han skal få dyrka interessene sine.

Ja til utbygging

Kraftutbygging i Tesjolo har han fått innpå seg, men det har han ingenting imot.

– Det er heilt all right. Eg synest det er positivt, og at bøndene fortener nokre ekstra slantar. Utbygginga skaper mykje godt arbeid for folk, og det er viktig. Og i dag er dei så flinke til å vøla av etterpå, rosar han.

Den planlagde ziplina over Bordalen trur han også på.

– Den fyren er ikkje redd for å satsa, seier han om Geir Inge Kvitne i Husdyrparken

Magne Tesdal har hatt glede av å skri på alpinski. Førre vinter fekk han 40 dagar på ski, men sist vinter laut han gje seg.

Han har elles vore heldig og hatt god helse gjennom livet.

– Eg håpar å få gle meg over hytta, fjellet og skogen også i tida framover, seier han.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.