annonse

Går mot strålande 17. mai-vêr

VARMT VÊR
VARMT VÊR: Statsmeteorolog hjå Vêrvarslinga for Vestlandet melder strålande 17. mai-vêr på Voss og i området rundt. (Foto: Daniel Melve Kvarme/Arkiv)

Det vert sol, varme og litt vind på nasjonaldagen.

Marita Saue Hamre

– Det vert ein veldig bra dag på 17. mai med mykje fint vêr, temperaturar opp mot 18 grader midt på dagen og litt vind, seier statsmeteorolog Tone Kristin Taule hjå Vêrvarslinga for Vestlandet.

På nasjonaldagen vert det litt lettskya med nordlege drag i vinden.

– I indre strøk er det meldt lett bris frå nord-nordvest, medan langs kysten vert det litt meir vind.

Samanlikna med vêret i fjor vert det nokolunde det same i år, fortel Taule.

Smak på sommaren?

Statsmeteorologen kan fortelja frå dei siste prognosane at varmen held fram, og det vert fint vêr heilt ut i neste veke.

– Til og med helga, og litt ut i neste veke er det meldt fint vêr med temperaturar rundt 19 grader på det meste.

– Har sommaren kome til Voss?

– Alt kan skje i mai sånn vêrmessig, men det er turt og varmt, så det er nok ein liten smak på sommaren, i alle fall.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.