annonse

Gaupe på Fenno

NATTAKTIVE DYR
NATTAKTIVE DYR: Den vaksne gaupa vart fotografert natt til 1. september på Nedre Fenno. (Foto: Johannes Magne Fenne)

Nok ein gong er ei gaupe fotografert på Fenno.

Karl Ystanes

Natt til 1. september passerte ei vaksen gaupe eit viltkamera på Fenno, og då vart det store kattedyret festa til minnebrikka. Johannes Magne Fenne eig kameraet, som er montert på ein stad hjorten ofte ferdast, på Nedre Fenno.

– Det var no hjorten eg hadde i tankane då eg sette opp kameraet, men då eg bladde gjennom bileta dukka denne altså opp. Det er jo ikkje fyrste gongen me ser gaupe på Fenno, fortel han.

Kan vera same dyret

Observasjonen er likevel interessant, ikkje minst for Ingmar Slettemark i Statens naturoppsyn.

Han seier til Hordaland at det ikkje er mykje i vegen for at dette kan vera same dyret som vart fotografert frå ein veranda på Fenno i mars i år, og at dyret altså kan tenkjast å bruka mykje tid i dette distriktet.

– Det kan vera same dyret, det er ikkje så lett å seia, då bileta er noko ulike. Men eg har fått fleire tips og observasjonar av gaupe i dette området, sidan i vinter, og me veit at gaupa trekkjer frå Raundalen og over mot områda ved Fenno, seier Slettemark, som også er viltforvaltar i Voss kommune.

I Raundalen

Slettemark har sjølv teke både bilete og film av gaupe i Raundalen i år.

– Eg la ut ein påkøyrd hjort som åte, og etter tre veker var gaupa der. Det har vore drøfta om gaupa går på åte, og forsyner seg av åta. Det veit eg at ho gjer, fortel han.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.