annonse

Gav Mel Gibson miljøtips

STARSTRUCKED
STARSTRUCKED: Carolina Solstad Sandbrook (til venstre) og kafémedarbeidar Sophie Ellertsen kan nesten ikkje tru at det er sant at stjerneskodespelaren var på Voss. (Foto: Stine Strand Carlsen)
BRAVEHEART:
BRAVEHEART: Mange kjenner Mel Gibson frå Braveheart-filmen frå 1995. (Foto: Skjermdump frå Icon Entertainment International )

Sjølvaste Mel Gibson var på Voss i går, og åt på Tre Brør kafé – to gongar! Der fekk han skjenn for å ta med seg maten i plast.

Stine Strand Carlsen

– Eg serverte han to gonger, men det var ikkje før etter han hadde gått at eg skjøna kven det var! seier ein frustrert dagleg leiar av Tre Brør Kafé, Carolina Solstad Sandbrook.

– Hadde eg visst at det var han skulle eg jo teke eit bilete og hengt stort opp på veggen her, ler ho.

Starstruck

Dagen etter er medarbeidarane i kaféen i ekstase over hendinga.

– Tenk at sjølvaste Mel Gibson åt her! Eg kan nesten ikkje tru det. Han var her med ei dame og eit barn. Det var ikkje lett å sjå kven han var. Han hadde capsen langt ned i andletet og hadde mykje skjegg, seier Sandbrook.

Ho opplyser at mr. Gibson drakk te og åt ein salat på deling med dei han var med.

– Han var innom i 11-tida på dagen og bestilte te. Dei sat ei stund utanfor, før dei tok med seg teen og gjekk vidare. Nokre timar etterpå, i totida, var dei innom att og bestilte ein salat. Så dei må jo ha likt seg her, seier ho strålande nøgd.

– Burde ha skjønt det!

I etterpåklokskapens lys, ser ho at ho kunne vore meir merksam.

– Eg burde jo skjønt at det var noko rart sidan dei kom og gjekk heile tida. Det var tydeleg at dei ikkje ville vera for lenge på ein stad, seier ho.

Sandbrook er også litt flau over noko ho sa til stjerneskodespelaren.

– Då han skulle ta med seg maten i plastbeger, sa eg at: «But you need to help save the planet!». Då smila han og sa: «Oh, but i already do, in many ways.», Tenk at eg kunne vera så dum!

Bitane fall på plass

VG skreiv i går kveld om to unge damer som fann mobilen til Mel Gibson på do på ein kafé på Voss. Det var då bitane fall på plass for kafémedarbeidarane.

– Då me såg artikkelen på kvelden, var me ikkje lenger i tvil. Mel Gibson var her på Tre Brør!

Ein av medarbeidarane leika også med barnet som var med mr. Gibson utanfor i hagen til kaféen.

– Dette er noko me aldri kjem til å gløyma, det er i alle fall heilt sikkert!

Enno her?

Mel Gibson er amerikansk skodespelar og regissør. Han har mellom anna spela i ikoniske filmar som Braveheart, Dødelig Våpen-, Mad Max-filmane og Passion of the Christ.

Kva Mel Gibson og familien har gjort på her på Voss, er ukjent for Hordaland. Har du tips i saka, ta gjerne kontakt. Kanskje han er her enno?

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.