annonse

Gladguten Svenn (48) trur på skjebnen

SØKJER JORDNÆR DAME
SØKJER JORDNÆR DAME: Svenn er som oftast å finna på tur med hund eller i båten sin i Hardanger. – Livet har lært meg å setja pris på dei små tinga, seier han. (Foto: Privat)

– Eg har stor sans for dei som torer å gå mot straumen, seier Svenn Børre Steinsland.

Sara Finne

Namn: Svenn Børre Steinsland

Alder: 48 år

Yrke: Byggmeister

Bustad: Bulken

– Hei, Svenn! Kven er du?

– Eg er ein kar som er blid når eg vaknar, og er blid når eg legg meg. Ein gladgut, rett og slett! Eg trivst godt i kvardagen, og meiner personleg at eg har verdas beste yrke. Når eg ikkje er på jobb er eg ute i skog og mark, både med og utan kamera. Eg er ein ivrig hobbyfotograf, og har også drive med oppdrett av schæferhund. Om eg ikkje er på tur, finn du meg i båten i Hardanger eller med småsysler i heimen. Livet har lært meg å setja pris på dei små tinga. Og eg trur at det er skjebnen som kjem med draumedama!

– Kvifor har du lyst på kjærast?

– No har eg vore singel i sju år, og eg har brukt nokre år på å verta klar for noko nytt. Men no kjenner eg at det er på tide. Alt er enklare når ein er to. Og ingen er meint til å gå åleine gjennom livet.

– Korleis ser draumedama di ut?

– Det er veldig vanskeleg å beskriva! Men ein stor sjarm kan gje eit grått andlet mange fargar. Det som er viktig for meg er at ein er flink til å ta vare på seg sjølv, både kroppen og helsa. Og sjølv om det er det ytre som sel, er det det indre som tel!

– Korleis bør ho vera på innsida, då?

– Eg vil ha ei dame som eg føler meg «naken» utan! Og eg vil ha ei usminka sjel. Med det meiner eg jordnær og ekte, at ein ikkje prøver å vera nokon andre enn seg sjølv. Ho bør vera allsidig, ukomplisert, spontan, og ha humoren på rett plass. Like sær humor som meg hadde vore noko! Eg har også stor sans for dei som torer å gå litt mot straumen.

– Kvar hadde du teke med draumedama på date?

– Bora Bora! Eller ein plass i den norske fjellheimen ...

Vil du på stemnemøte med Svenn?

Eller vil du vera med i singelspalta sjølv? Ta kontakt med oss!

OBS! Me vernar om våre kjelder.

Send e-post til

kjaerleik@avisa-hordaland.no

... eller send melding på Snapchat

til avisahordaland :-)

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.