annonse

God femkilometer av Fenne

GOD
GOD: Hilde Fenne tok sjetteplassen i dagens NM-renn på Gålå. (Foto: IBU/Mariya Osolodkina)

Hilde Fenne kom på 6. plass i dagens NM-renn.

Ingvild Siglen Berger

Vossingen imponerte og gjekk eit godt skirenn under dagens 5 kilometer fri teknikk under noregsmeisterskapen i langrenn på Gålå.

Fenne, som er skiskyttar, låg ei stund heilt på toppen av resultatlista, men måtte etter kvart gje tapt for Kari Øyre Slind.

Marit Bjørgen gjekk aller best, og tok sin tjuande NM-tittel føre Øyre Slind.

Tiril Udnes Weng tok tredjeplassen føre Thea Krokan Murud på fjerde, Marte Mæhlum Johansen på femte og Hilde Fenne som altså vart nummer seks, 44,1 sekund bak vinnaren.

Klokka 13.00 fredag går Sjur Røthe 10 km fri teknikk. Du kan lesa meir om Røthe sin jakt på NM-gull her.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.