annonse

God på tidelar – trefte feil årstid på Voss

ALPINIST-PENSJONIST
ALPINIST-PENSJONIST: Aksel Lund Svindal er podkastgjest denne veka. (Foto: Terje Hjartnes)

Aksel Lund Svindal er ein av våre største alpinistar, og tok turen til Voss denne veka for å opna gondol.

Helge Søfteland
  • Helge Søfteland
  • Tlf: 950 38 833

Me trefte Svindal på berr bakke under opningsseremonien, og han kunne fortelja at han aldri har stått på ski på Voss. Men på intens oppmoding frå konferansier Arne Hjeltnes kunne han lova at det må det bli ei endring på i framtida. Høyr Aksel Lund Svindal snakka om eiga karriere og vossebygda frå 10:40 i podkasten.

Stor hending for bygda

Den offisielle opninga av Voss Gondol tok mykje plass i avisa denne veka.

– Heilt på sin plass, meiner redaktør Geir Geitle, som peikar på at med 330 millionar kroner er dette den største private investeringa på Voss nokon gong.

– Men investeringa har negative sider for dei som bur under bana og har fått snudd opp ned på kvardagen, og det er viktig at det vert ei rettferdig avslutning på saka som skal opp i rettssystemet 4-7. november, seier redaktøren.

For mykje turisme?

Denne veka startar me med å stilla spørsmål om det kan bli for mykje turisme om det kjem ekstremt mange til ekstrembygda Voss. Redaktør Geitle og politisk kommentator Rolf Tepstad let oss få høyra meir om kva politikarane tenkjer om dette i framtidsplanane for bygda.

Les og:

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse