annonse

God sprint av Fenne

GREI SPRINT
GREI SPRINT: Hilde Fenne vart nr. 12 på fredagens sprint. (Foto: Arne Brunes/Arkiv)

Hilde Fenne vart nest best av dei norske kvinnene under dagens sprint.

Ingvild Siglen Berger

Fredag var det tid for 7,5 km sprint i Hochfilzen, der Fenne starta som nummer 84.

Ho skaut eitt bom på ståande og eitt på liggjande, før ho gjekk i mål på 12. plass.

– Det var hardt, men litt deilig å gå i snødrevet sjølv om det var vanskeleg å gå forbi folk. Eg synest løpet gjekk heilt greitt, sa Fenne til NRK etter målgang.

Dette var +1:04.3 etter vinnar Darja Domratsjeva frå Kviterussland.

Ingrid Landmark Tandrevold vart best av dei norske kvinnene, med ein solid 5. plass.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.