annonse

Gode søkjartal til vidaregåande skular

VOSS GYMNAS
VOSS GYMNAS: Denne skulegarden skal snart fyllast med spente fyrsteklassingar. (Foto: Vidar Herre)

1. inntaksomgang er over. På Voss er ventelistene lange.

Siri Flatlandsmo

– Søkjartala er svært gode, med ventelister på nær sagt alle klassar, seier rektor Svein Inge Styve ved Nye Voss vidare­gåande skule.

7. juli var det klart: 18.482 elevar har søkt på vidaregåande opplæring i Hordaland i år. Av desse har 594 fått tilbod om plass på Voss gymnas, og 396 på Nye Voss vidaregåande

– Omtrent der me skal liggja

Voss gymnas har òg hatt gode søkjartal og har ventelister på nokre av tilboda.

– I år har me teke inn fleire elevar enn skulen er dimensjonert til, fortel rektor ved Voss gymnas, Unn Fauskanger.

Skulen har plass til 584 elevar pluss nokre på vaksenopplæring.

Men inntaksprosessen held fram gjennom sommaren, og det reelle elevtalet vert truleg lågare.

– Me ligg omtrent der me skal liggja. Det er ingen programområde som ikkje vert oppretta, legg rektoren til.

– Hyggjeleg

Ved Nye Voss vidaregåande er det rundt 30 elevar i venteliste på Vg1 villmark, Vg1 elektrofag og på Vg2 arbeidsmaskiner er det rundt 30 personar på venteliste. Venteliste er det òg på Vg2 anleggsgartnar og idrettsanlegg.

– Hyggjeleg er det også at det er full klasse og i tillegg venteliste på Vg1 restaurant- og matfag, seier rektor Styve.

Ikkje alle har fått plass – enno

I Hordaland har det dei siste to åra vore ein auke i søkjartala til bygg- og anleggsteknikk. Den har no flata ut. På studiespesialiserande utdanning og elektrofag, syner tala nedgang i Hordaland.

Framleis står 1040 elevar med rett til vidaregåande opplæring utan plass i fylket. Alle desse vil få tilbod om skuleplass før skulestart, ifylgje ei pressemelding frå Hordaland fylkeskommune.

Andre inntaksomgang er 28. juli.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.