annonse

- Gondolsaka har vore ei stor personleg belastning

- STOR PERSONLEG BELASTNING
- STOR PERSONLEG BELASTNING: - Det eg kjenner meg foruretta over, er den uverdige prosessen frå utbyggjaren og kommunen overfor oss grunneigarar, skriv Kristen Skjeldal. Her er vår tidlegare OL-gullmedaljevinnar fotografert rett etter innkomst i løp nettopp til Hangur, i 2013. (Foto: SARA FINNE)

- Eg opplever det som uanstendig at dei som ikkje sjølv er råka, og som skal tena pengar på den nye banen, framstiller at utbygginga er ein bagatell for grunneigarane, skriv Kristen Skjeldal.

  • Kristen Skjeldal

I førre utgåve av Hordaland kunne vi lesa eit begeistra innlegg for ny Hangursbane frå mange næringslivs- og idrettsfolk frå Voss. Dei lyftar fram at dette er eit framtidsretta prosjekt, som vil bidra til sterk næringsutvikling, og samstundes ivareta ein tradisjonsrik vossa-identitiet. Innspela deira lovar godt for alle oss som ynskjer oss ny bane, for med ein slik iver frå kapitalsterke vossingar, kan ein også forventa at dei bidreg med dugnadsinnsats og betalingsvilje. For ein ny Hangursbane vert ikkje bygd utan store økonomiske kostnader og ulemper, mellom anna for oss som er grunneigarar.

Sjølv høyrer eg til grunneigarane som ser mykje positivt med ny bane, og eg unner vossingar og tilreisande å få denne snarvegen til fjells. Eg forstår godt at mange i bygda meiner det er svært viktig med ein ny bane, og at det veg opp for omsynet til oss grunneigarar. Slike prioritering er ikkje uvanleg i samband med ulike prosjekt av samfunnsinteresse, t.d. ved utbygging av ny veg eller flyplass. Det som er avgjerande når slike prosessar vert gjennomført, er at dei som ufrivillig vert råka av utbygging, kan ha tillit til at ulempa dei opplever vert tatt på alvor og vert kompensert for.

Til no har eg som grunneigar under den nye Hangursbanen ikkje blitt møtt på ein tillitsvekkjande måte, korkje frå utbyggjaren eller kommunen. Eg opplever meg ikkje sett som ein viktig medspelar, som vert høyrt på og inkludert i sentrale samtalar. Både frå kommunen og frå utbyggjaren har kommunikasjonen vore mangelfull og utydeleg. Gjennom heile prosessen har eg opplevd at utbyggjaren og kommunen har bagatellisert ulempene for oss. Dei har aldri kome med konkrete innspel kring kompensasjon, men har gitt oss svært vage og minimale forhåpningar om dette.

Eg må vedgå at prosessen har vore ei stor personleg belastning dei siste åra. Til dømes har det gjort noko med mitt forhold til min eigen heim, dette ikkje å vita om huset må rivast, slik taubanelova legg opp til. Og det har vore krevjande at andre meiner det er heilt uproblematisk at 11 store kabinar skal sveva over huset mitt dagen lang, mens eg sjølv kjenner på at dette inneber stor utryggleik.

Det er i prinsippet ikkje synd på meg eller min familie om vi må flytta pga. ny bane, meir enn på andre som vert råka når utbygging skal skje. Denne gongen var me uheldige, og ein god utbyggingsplan går ut over oss, utan at eg kjenner meg foruretta over det. Det eg derimot kjenner meg foruretta over, er den uverdige prosessen frå utbyggjaren og kommunen overfor oss grunneigarar. Og eg kjenner meg foruretta over forventinga om at eg skal forlata heimen min som ein «dugnadsinnsats» for det nye fyrtårnet på Voss. Det er å forventa for mykje av nokre få, til fordel for fellesskapet. Då handlar det om maktovergrep, og ikkje dugnad.

For oss som bur rett under den nye banen, kan vi i det minste forventa ein garanti for å bli kjøpt ut, og å få ein rimeleg kompensasjon for ubehaget med å flytta. Det at vi ufrivillig forlèt våre heimar er meir enn nok «dugnadsinnsats» å be oss grunneigarane om. Eg opplever det som uanstendig at dei som ikkje sjølv er råka, og som skal tena pengar (og skatteinntekter) på den nye banen, framstiller at utbygginga er ein bagatell for grunneigarane. Eg synest det er uanstendig at huseigarar vert overlatne til å bruka tid og krefter i rettsalen for å bli medspelarar i dette prosjektet. Eg kan verkeleg ikkje tenkja meg å bruka livet mitt slik.

Framleis støttar eg ideen om ny bane, fordi eg unner så mange som råd ein tur i fjellet. Dette er eit spanande prosjekt for bygda. Men berre dersom ein er realistisk i høve til alle omkostningane, inkludert omkostningane for grunneigarane. Det er fleire verdiar som skal byggja framtida til Voss, ikkje berre aukande­ næringsliv, fleire turistar og fine fjellturar. Endå viktigare er verdiar som openheit, tillit, skjønn og medverknad. Ei framtid i bygda der desse verdiane har dårlege kår, er ein endå tristare tanke enn den om Voss utan Hangursbane.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.