annonse

Granvin sel aksjane i bompengeselskap

IKKJE SELJAST
IKKJE SELJAST: Sal av aksjane i brua, til det nye regionale bomselskapet, Ferde AS, vart difor ikkje vedteke då saka var føre i heradsstyret i Granvin. (Foto: Sigrid Seim/Arkiv)

Aksjane som gjeld Vossapakko kan seljast, medan den eine aksjen i Hardangerbrua førebels ikkje vert selt, har heradsstyret i Granvin avgjort.

Sigrid Seim

Onsdag var det framleis uklart om brukommunane lukkast i å forhandla fram ei betre løysing for takst- og rabattsystemet for Hardangerbrua. Sal av aksjane i brua, til det nye regionale bomselskapet, Ferde AS, vart difor ikkje vedteke då saka var føre i heradsstyret i Granvin. For Voss og omland bompengeselskap stiller det seg annleis, her er det ikkje andre Hardangerkommunar med.

Omlegginga kjem som fylgje av at dei ulike bomselskapa no vert samla i nokre få, regionale selskap.

Rådmann Trude H. Letnes hadde rådd til at heradet kunne slutta seg til det nye takst- og rabattsystemet som no er utarbeidd for Vossapakko.

– Med eit passeringstak på 25 gonger kvar månad, vil dagpendlarane koma like godt ut som no. For dei som passerer litt sjeldnare, kan det også verta litt rimelegare, meinte rådmannen.

Uoversiktleg sak

Ho forklarte dette med at takstane generelt skal setjast litt ned, og at det er mogleg å få 20 prosent rabatt.

– Difor kan dette vera akseptabelt, sa Letnes. Ho la elles til at dette er ei utruleg vanskeleg sak å få full oversikt over, der både fylkeskommune, vegvesen, vegdirektorat og departement er med og set rammene for takst og rabattar.

Fredag var det tillyst eit møte mellom brukommunane og Statens vegvesen, der rammene for det nye systemet som gjeld Hardangerbrua, skulle diskuterast. Både Ulvik og Ullensvang har venta på utfallet i dette møtet, Eidfjord har sagt nei til sal av sine aksjar, opplyste rådmannen.

Vedtaket som heradsstyret i Granvin samla seg om delegerer til ordføraren, avgjerda om sal av Hardangerbruaksjen. Det same gjeld om heradet skal slutta seg til takst- og rabattsystemet som dei andre aksjonærkommunane vil gå for.

Rådmannen opplyste at Granvin kan få rundt 60.000 kroner for dei ti aksjane dei eig i Voss og omland bompengeselskap. Den eine aksjen i Hardangerbrua har ein salsverdi på 19.000 kroner.

Må betala

I debatten om saka kom Ingrid Sæbø (Sp) inn på ynsket om å sleppa bompengar i Vossapakko, når Granvin frå 2020 får kommunesenteret sitt på Voss. Bomstasjonen på Svelgane bør flyttast, meinte ho.

– Det er nok heilt uaktuelt å flytta bomstasjonen, svara ordførar Ingebjørg Winjum (V).

– Mange er opptekne av dette, men no er det ikkje mange år att av nedbetalinga.

Erling Bruvik (Sp) meinte gravensarane burde få registrert bilskilta sine for gratis passering, som om alle hadde elbil. Heller ikkje det ser ut til å verta mogleg, var svaret han fekk.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.