MATLYST: Berre vellæte over maten frå Ivarina Kvalem til venstre, Brita Mo og Ingebjørg Prestegard. Randi Terøy held oversikt over kva som trengst på bordet. - Me skal ikkje ha noko frå Bergen, fnys Brita.

- Me skal ha maten laga her, elles streikar me

Bebuarane på sjukeheimen i Granvin er godt nøgde med middagsmaten dei får servert, og gjev klar melding til politikarane som skal losa kommunen saman med Voss. - Me skal ikkje ha noko mat frå Bergen, fnyser Brita Mo.

Publisert 16.02.2017 kl. 16.25. Oppdatert kl. 16.29.

Fakta | Mat på sjukeheim

Granvin tok i bruk nybygd sjukeheim i Mælandshagen for 17 år sidan.

Sjukeheimen vart bygd med kjøkken for produksjon av mat til pasientar og heimebuande eldre.

Lagar for tida rundt 35 middagsporsjonar dagleg.

Lagar også frukost, kaffimat, mellommåltid og kveldsmat.

Full pensjon kostar 145 kroner, middag 90 kroner pr dag.

Budsjett på 1,5 mill kr i nettokostnad til drift av kjøkken ved sjukeheim i 2017.

Voss skal i vinter ta stilling til om maten på institusjonane framleis skal leverast frå Bergen. Mange har teke til orde for ei meir lokal løysing. Om mindre enn tre år er Granvin og Voss same kommune. Kvar vert middagen laga då, til sjukeheimane i den nye kommunen?

Elleve bebuarar i Mælandshagen i Granvin er samla rundt bordet til middag. Randi Terøy serverer snitsel og sender velvillig rundt potetstappe, grønsaker og saus. Medan alle et er det stille.

- Smakte det, spør Randi.

- Det er så godt!

- Nydeleg! er svara som kjem.

- Me har no god mat, det må du skriva, hinta Ivarina Kvalem før ho sette seg til bords.

- Det smakar betre når me et i lag, meiner Ingebjørg Prestegard.

Kvar tysdag og torsdag er det felles middag i kantina i Mælandshagen. Dei elleve bur i omsorgsbustader og kan gå turrskodde den korte vegen til kantina. Sundag er det også mogeleg å ta middagen i lag, for dei som ynskjer det.

Somme av dei rundt bordet har merka seg at diskusjonen går omkring mattilbodet på sjukeheimane på Voss, der middagen vert levert frå storkjøkken i Bergen.

MAT PÅ FAT: Aktivitør Randi Terøy lastar opp potetstappe, slik at matgjestene kan forsyna seg.

- Me skal ikkje ha noko frå Bergen, seier Brita Mo bastant.

- Me skal ha det laga her, elles streikar me! Dei må tenkja på kva som er best for oss. Når Granvin greier å betala det, må no Voss greia det, legg Brita Mo til.

Ho har bede om påfyll på tallerkenen, men seier samtidig at ho eigentleg skulle ha slanka seg.

- Det er ikkje lett, når det er så god mat!

MATRO: Med lysa tent er det klart for mat. Frå venstre Randi Terøy, Signy Jørdre og Halldor Elvatun.

Middagslukt

Til avrunding vert det servert luftig trollkrem. Skulle det ikkje vore saus til, vert det etterlyst frå enden av bordet. Ikkje alle er så nøye på det, og desserten går ned, den òg.

Ved fellesmiddagen er det ein del av gleda at ein kan forsyna seg sjølv, med så mykje ein vil, av det ein vil. Når maten vert laga på kjøkkenet ved sjukeheimen, er det kjekt å kjenna lukta av det som vert laga, på førehand, nemner somme.

Menyen er vanleg norsk husmannskost, meiner Brita Mo. Tredjekvar torsdag er det komlemiddag. Det brukar å frista også dei som til vanleg ikkje kjøper middag frå sjukeheimen. Ein gong i året er det smalahovud til middag. Pizza eller taco har ikkje vore aktuelt, og aktivitør Randi Terøy legg til at det er middag med poteter som er mest populært mellom matgjestene på huset.

SNART MIDDAG: Kokka Astrid Lien Folkedal (t.h.) og assistent på kjøkkenet Venke Trå står for dagens middag, snitslar og trollkrem til dessert.- Me håpar dei vil bevara kjøkkenet her.

Fleksible og snille

Før middagen vert fortært i kantina og rundt om på sjukeheim og i omsorgsbustader, har Astrid Lien Folkedal hatt regien på kjøkenet, med god hjelp av vikaren Venke Trå. Har dei tid, vert det meste av maten laga frå botnen av. Rundt 35 middagsporsjonar skal vera klare til pasientar på sjukeheimen, til bebuarar i omsorgsbustader og ute i bygda. Kjøkkenet lagar også frukost og kveldsmat til dei som skal ha det, og dei byr kvar dag på heimebakt kaffimat, og mellommåltid.

- Det er enklare for oss å ta omsyn til dei som skal ha spesialkost eller fylgjer diettar, når me har kjøkken på huset, meiner Astrid Lien Folkedal. Og folk er ulike, ikkje alle vil ha brunost på maten, eller rjome til laksemiddagen.

- Me er snille slik, me strekkjer oss så langt me kan, meiner Venke Trå.

Samarbeidet med sjukeavdelinga er tett, for å tilpassa menyen. Og vegen er kort med mat ut til brukarane som bur i omsorgsbustadene. Dei tek omsyn til folk som er sjuke, som treng mat som gjer at dei kjem seg fort. Med korte avstandar mellom kjøkken og brukar er det lett å tilpassa porsjonane til den enkelte, det gjer også at det vert lite svinn.

IVARINA: - Eg saknar ikkje noko i matvegen her, seier Ivarina Kvalem.

- Bør ha kjøkken

Venke Trå har oppsynet med steiking av snitsel, medan Astrid Lien Folkedal er i gang med geledesserten til neste dag. Til dagens middag er paprikasausen og potetmosen heimelaga, og etter mottakinga i kantina å døma fell det i smak.

- Kan løysinga med eige kjøkken verta endra i samanslåinga med Voss?

- Me får sjå, svarar Astrid Lien diplomatisk.

- Me håpar dei vil bevara kjøkkenet her, det vil verta trasig med ei nedlegging!

Sjukepleiar Jenny Kjerland stikk innom. Ho understrekar kor viktig det er for dei som bur på sjukeheimen at maten vert laga på huset. Utvekslinga av informasjon og kompetanse går lettare. Journalsystema deira gjer at det er enkelt å gjera tiltak, viss eldre ikkje får i seg nok næring. Kostplanar kan endrast, og spesialmat kan setjast inn.

- Med ein god ernæringsstatus er dei eldre betre skjerma for sjukdommar, og kan lettare halda sjukdommar i sjakk, meiner ho.

Gjer sjukdom at matlysta er dårleg, kan det lagast ynskjekost. Kjøkkenet sende folk på gardsbutikken og skaffa kerrs pink-poteter på dagen, til ein pasient som mest av alt ynskte seg det.

INGEBJØRG: - Me får variert og god mat. Om eg skulle nemna noko, er svineribbe noko av det beste eg veit, seier Ingebjørg Prestegard.

- Matomsorg er ein del av omsorga for dei som bur på sjukeheim, dei fortener at det er eit kjøkken på huset. Eit sånt kjøkken burde alle sjukeheimar ha! Eg synest Voss òg skulle hatt det slik, seier Jenny Kjerland.

BRITA: Middag med snitsel og potetstappe er ein av favorittane til Brita Mo.

Bygde med kjøkken

Granvin har halde fast ved drift av kjøkken på sjukeheimen, i bygget som vart teke i bruk for 17 år sidan. For 2017 er det rekna med ein nettokostnad på 1,5 millionar kroner for drifta av kjøkkenet ved sjukeheimen, opplyser einingsleiar Magnhild Grønningsæter.

Middag med dessert kostar 90 kroner dagen, full pensjon 145 kroner.

Einingsleiaren ser ikkje bort frå at andre løysingar kunne gjeve ein lågare kostnad for heradet.

- Men me må sjå på heile pakken under eitt. Hjå oss er det mogeleg å gjera kjappe endringar for pasientane. Samvêret rundt maten er også gull verdt.

Dei siste åra har ikkje kjøkkendrifta vore tema for diskusjonar, seier Grønningsæter.

- Eg trur me driv så effektivt som me kan. Dei tilsette på kjøkkenet er flinke og fleksible. Mange eldre har ein begrensa kvardag, og då er det ikkje bra når maten vert redusert til noko som kjem i ei plastskål.

SAMLING: To-tre dagar i veka kan dei få middagen servert i kantina. Frå venstre Signy Jørdre, Berghild Emerslund, Elisabeth Brotnov, Lisbet Selland og Herborg Steinseth.


TRIVST: Signy Jørdre synest det er fint, å eta saman med dei andre rundt matbordet.