annonse

Gravensar er stuntmann for popstjerna

Mot toppen
Mot toppen: Ole Andre Rykke Almenningen (nr to frå venstre) på veg opp saman med Iselin Andre, Fjord Norge, OL-dronninga Kari Traa og popstjerna Roy Wang (Wang Yuan). (Foto: SVERRE HJØRNEVIK)
I bakken
I bakken: Roy Wang set utfor etter Ole Andre Rykke Almenningen og Kari Traa. (Foto: SVERRE HJØRNEVIK)
POPSTJERNE
POPSTJERNE: Kinesiske Roy Wang er superkjendis heime i Kina. Måndag var han i Myrkdalen med Kari Traa. (Foto: KARL YSTANES)

Når millionar av kinesiske fans ser Roy Wang køyra ski på hans komande musikkvideo, er det eigentleg Ole Andre Rykke Almenningen dei ser.

Ørjan Brattetveit

Denne veka spela den 17 år gamle kinesiske popstjerna, som er kjend både som Roy Wang og Wang Yuan, inn musikkvideo i Myrkdalen.

– I starten av videoen køyrer Roy litt på ski sjølv, men når det skal gå fort i skogen ovanfor Helgatun, så er det eg som køyerer i same klede som han, seier Ole Andre Rykke Almenningen (17) frå Granvin. I videoen køyrer Wang Yuan/Ole Andre Rykke Almenningen saman med OL-stjerna Kari Traa og Klaus Finne.

30 millionar fylgjarar

Gravensaren er ein dyktig skikøyrar. Han går på Voss Gymnas og er på europacuplaget i kulekøyring. Og han takka ja, då han fekk spørsmål om å køyra med den kinesiske popstjerna.

– Eg hadde aldri høyrt om han før – men han er visst kjempestor i heimelandet. Det var trenaren min Joakim Strandberg som spurde om eg ville vera med på dette. Han hadde blitt beden av Myrkdalen om å finna ein skikøyrar til denne oppgåva, seier 17-åringen.

Så stor er songaren, at han har 30 millionar fylgjarar på sosiale media. Wang Juan er det opphavlege namnet, men som artist nyttar han Roy Wang.

– Det er nokså vilt å tenkja på, at mange millionar kinesarar kjem til å sjå meg stå på ski. Det var skikkeleg artig å vera med på dette, seier gravensaren

Open smekk

Å køyra i same klede som popstjerna, var ikkje berre komfortabelt for gravensaren.

– Det var trongt og kaldt. Eg fekk ikkje igjen smekken! Dei har nok tenkt mest på mote og minst på komfort.

Meste parten av innspelinga skjedde når det var mørkt.

– Kinesarane hadde ein stort apparat i sving i Myrkdalen. Dei filma med drone og me hadde hovudlykter på oss, fortel Ole Andre.

Frå videoinnspelinga går turen snart vidare til europacupkøyring.

– Eg har trena godt og har det kjekt på ski, så får me sjå kva det blir til i europacupen, seier 17-åringen, som er med i Voss Freestyleklubb.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.