annonse

Grunneigarar får skadeerstatning for kraftlinja

OPPGJER
OPPGJER: Mastearbeidet førte til ulike ulemper for grunneigarar, alt frå avlingstap til ekstraarbeid med sauesanking. Dei siste sakene er no avgjorde i tingretten. (Foto: Daniel Melve Kvarme/Illustrasjon)

Fem-seks år etter mastebygginga, har tingretten avgjort erstatninga fire grunneigarar får for skadar og ulemper i samband med bygginga av kraftlinja Sima-Samnanger.

Sigrid Seim

Dei fleste oppgjera til grunneigarane er for lengst avklara, etter bygginga av kraftlinja mellom Simadal og Samnanger. Det gjeld også vederlaga for skadar og ulemper ved anleggsarbeida.

For fire grunneigarar er det vorte sagt skjøn ved Hardanger tingrett, sidan partane ikkje kom fram til nokon avtale.

Tre av desse har fått fastsett vederlag, med over 400.000 kroner for grunneigaren som har fremja det største kravet.

Aslak Aurdal som eig gnr. 58/1 i Ulvik let Statnett bruka deler av eigedommen sin til riggområde i perioden frå hausten 2011 og til utpå nyåret 2013. Her vart det utført ymse fundamenteringsarbeid og det var landingsplass for helikopter. Det var avtalt eit vederlag for bruk av området, men Aurdal har peika på ei rekkje punkt som ikkje er i samsvar med det som var avtalt.

Brukte større område

Statnett brukte ein langt større del av området enn det som var avtalt, difor bør leiga verta auka tilsvarande. Statnett la heller ikkje duk over grunnen, med ekstra massar oppå, slik det står i avtalen.

Det er ulikt syn på kva som seinare vart avtalt munnleg, på dette punktet. Grunneigaren har peika på at oppryddinga er mangelfull, der det ligg knust glas, spikar, sigarettsneipar og anna, på område som vert brukt til jordbruksproduksjon. Aurdal har invitert fleire sakkunnige til synfaring på området, som har konkludert med at jorda bør setjast i stand att som den var før.

Rente i tillegg

Han har også kravd ekstra vederlag for tap av fôr, og for eit gjerde som vart teke ned og grøfter som må reinskast.

Retten har kome til at Aurdal bør få vederlag på i alt 402.400 kroner, for ekstra leige, opprydding (på 307.000 kroner), gjerde og grøft. I tillegg kjem rente for tida frå områda vart levert attende til grunneigaren.

I Granvin har Per Tveito, som eig gnr. 119/1, kravd dekka utbetring av ein traktorveg, og skadar som fylgje av eit sprengingsuhell under utbetringa av vegen på Heiane. Når det gjeld traktorvegen, har Statnett peika på at vegen er påverka av vegarbeidet som Granvin herad har ansvar for, på Tveitovegen. For bruk av den kommunal Tveitovegen har Statnett betalt heradet tre millionar kroner i anleggstilskot.

Retten meiner eit eventuelt krav difor må rettast til heradet. Tveito får heller ikkje medhald i kravet om vederlag for skadar på tre og terreng i samband med sprengingsuhellet.

Meir sauesanking

Eigar av gnr. 116/2 på Tveito i Granvin, Olve Kjerland, får derimot 15.000 kroner i vederlag for alt meirarbeidet med sauene som vart skremde av helikoptertrafikken til og frå riggområdet på Heiane. Dyra kom på avvegar og det vart mykje ekstra arbeid med sanking. I tillegg vart to vaksne sauer borte, noko dei meiner skuldast helikoptertrafikken.

Vanskar med sauer på beite fekk også Geirmund Klyve på gnr. 68/1 i Kvam oppleva. I området der han hadde 145 sauer på beite sommaren 2013 var det mykje helikoptertrafikk. I tillegg var det også bråk og skarpe smell då linjene vart skotne saman.

Statnett må betala

Sauene spreidde seg i område der dei ikkje brukar å beita, og Klyve måtte bruka mange fleire dagar og ekstra mannskap for å finna dei. Også dei to neste åra var det vanskelegare å finna sauene. Retten har sett kostnaden med meirarbeidet til 30.000 kroner.

Tingretten som var leia av Klaus Skjeldal har fastsett at Statnett må bera kostnadene med skjønet, på vel 260.000 kroner.

Dommaren kommenterer elles at skjønet har teke altfor lang tid, det skuldast mellom anna at store straffesaker har vorte prioritert.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.