annonse

Håkon Gjerde skal leia produksjonsskulen

NY JOBB
NY JOBB: Håkon Gjerde blir avdelingsleiar på den nyoppretta produksjonsskulen på Hjeltnes. Her frå Venstre sin valvake på Drøs under kommunevalet i 2015. (Foto: Sigrid Seim/Arkiv)

Elevinspektør ved Voss Gymnas, Håkon Gjerde, er tilsett som avdelingsleiar på Hjeltnes i Ulvik.

Ørjan Brattetveit

Den nye produksjonsskulen på Hjeltnes opnar dørene for elevane i august i år.

– Det vert spennande å vera med å utvikla denne skulen, seier Håkon Gjerde frå Ulvik, som i dag er elevinspektør på Voss Gymnas. Han har tidlegare jobba ved gartnarskulen på Hjeltnes.

– For meg personleg er det sjølvsagt kjekt å koma tilbake til Hjeltnes, seier Gjerde.

Butilbod

Produksjonsskulen er eit tilbod til ungdom i 15–20 årsalderen som av ulike grunnar ikkje har hatt tilstrekkeleg utbyte av dei tilboda som allereie er etablerte. I Bergen har Hyssingen produksjonsskule vore i drift nokre år, og kan, ifylgje Gjerde, syna til gode resultat. Skulen i Bergen er dagtilbod, medan avdelinga i Ulvik vert eit butilbod.

– Dette tilbodet ligg derfor godt til rette for ungdomar som av ulike årsaker som har behov for å skifta miljø, seier Gjerde.

Færre verkstadar

Håkon Gjerde sat i arbeidsgruppa som har jobba fram ein modell med fire verkstader, der elevane kan fordjupa seg i matproduksjon og tilverking, friluftsliv, kunst og handverk og kreative fag som foto og skriving.

– No er det ikkje endeleg avgjort kva for verkstader ein skal gå for, og i starten vert det nok færre verkstader. Men i løpet av skuleåret 2018/19 reknar me med at aller verkstadene er oppe og går.

Det skal vera plass til kring 40 til 45 elevar, og det blir mellom 10 og 15 årsverk.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.