annonse

Hallelujastemning på Eldrejazzen

KONTRASTAR
KONTRASTAR: Utanfor hadde Badnajazz-paraden nett vandra gjennom gatene.
Aud Mykkeltvedt (t.v.), Aslaug Svane og Kirsten Bystøl fekk berre med seg éin konsert under Vossa Jazz
Aud Mykkeltvedt (t.v.), Aslaug Svane og Kirsten Bystøl fekk berre med seg éin konsert under Vossa Jazz: Eldrejazzen.
SKAPTE STEMNING
SKAPTE STEMNING: Mads Berven og bandet spelte mange melodiar dei eldre kjenner, men jazza dei litt opp.

- Det er lov å dra på litt, er det ikkje?

Siri Flatlandsmo

- Eg er eigentleg ikkje så glad i jazz. Men dei andre skryter så veldig av dette, så me får sjå, seier Kirsten Bystøl­.

Ho har budd i Sosialbygget i åtte år, men aldri teke turen innom Eldre­jazzen. Dette er eit tilbod til alle, men spesielt dei som bur der og ikkje kjem seg på andre konsertar.

Ved sida av Bystøl sit Aslaug Svane. Ho òg bur i Sosialbygget.

- Eg var her i fjor. Det var veldig koseleg­, synest Svane.

Tidleg ute. - Det er nokre minutt att enno, seier vokalist og gitarist Mads Berven.

Alt ein halvtime før konsertstart er lokalet alt nesten fullt. Dette er generasjonen som likar å vera tidleg ute.

Berven står på golvet framføre den gråhåra forsamlinga saman med bassist­ Anders Bitustøyl og trommis Kåre Opheim frå Bulken.

Dei har med seg eit jazza repertoar, designa for å fengja den eldre garde.

Jazzar opp kjenningar. Bandet Mads Berven Gamleskulen startar med ein gammal kjenning, skriven av Rangvald Hammer i 1953. Ivar Medaas er mannen bak den originale melodien.

- Det er heilt greitt å nynna med, oppmodar Berven.

Publikum tek han på ordet og nynnar med til ein jazza versjon av «Dar kjem dampen». Det gjer dei også på låtar som «What a Wonderful World», «We'll Meet Again» og salma «Mine hender er fulle av blomster». På sistnemnde vert det reine hallelujastemninga på refrenget.

Bandet flirer og kosar seg imellom. Det gode humøret smittar over på publikum­ og latteren sit laust i rommet.

Dommen. Det går an å dra på litt, gjer det ikkje? spør vokalisten.

Det er eit retorisk spørsmål. Dei dreg på, med heftigare gitarriff og meir trommer. Glisa vert store hjå delar av publikum. Hjå andre stivnar blikka litt.

Det er over. Publikum applauderer og reiser seg for å gå den korte vegen heim. Fyrstegongsjazzar Bystøl er overtydd:

- Det var kjekt! seier ho nøgd.

- Men det var litt meir støy enn i fjor, slår Svane fast.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.