annonse

– Han var ein svært god soldat

TRAGISK ULUKKE
TRAGISK ULUKKE: Hågen Skattum (21) omkom i ulukke i Forsvaret. (Foto: Forsvaret)
SORG
SORG: – Våre tankar går til dei pårørande, seier Generalmajor Odin Johannessen. Forsvaret har stansa all bruk av utstyret som vart nytta under dødsulukka. (Foto: Heiko Junge/NTB Scanpix)

Hærsjef Odin Johannessen sender sine tankar til dei pårørande etter at sersjant Hågen Skattum (21) omkom i ulukke i Forsvaret.

Ørjan Brattetveit

– Dette er ei tragisk hending. Våre tankar går til dei pårørande og hans medsoldatar i ingeniørbataljonen på Skjold, seier generalmajor og hærsjef Odin Johannessen til Hordaland.

Hågen Skattum (21) frå Voss omkom etter ei sprengingsulukke i Mauken ved Skjold i Indre Troms fredag i 17.30-tida. Dei pårørande er varsla og namnet vart frigjeve laurdag morgon.

Skal ikkje skje

Hærsjef Odin Johannessen seier Hæren ikkje skal mista sine soldatar under øving, og at dette er ein svært trist dag for Hæren.

– 21 år gamle Hågen Skattum frå Skulestadmo på Voss, var lagførar for ein stormingeniørtropp. Han var ein svært dyktig og habil soldat. Det er svært trist for oss i Hæren å ha mista 21-åringen, og ikkje minst for hans medsoldatar. Me flaggar på halv stong i Hæren i dag, seier Johannessen.

Skattum var inne i sitt fyrste år som sersjant.

Stansar bruk av utstyr

Det var i alt tre personar frå Ingeniørbataljonen involvert i ulukka som skjedde under eit sprengingskurs i Mauken skytefelt. Dei to andre personane direkte involvert i ulukka er fysisk uskadde.

– Ulukka skjedde under ein demonstrasjon av eit bærbart mineryddningsutstyr, fortel generalmajoren. Han kan ikkje seia noko om årsaka til den tragiske hendinga.

– Det overlèt eg til granskarane i politiet og Forsvaret å finna ut av. Mi oppgåve no er å ta vare på dei pårørande, seier Johannessen.

Bruken av det berbare mineryddingsustyret er mellombels stansa.

– Me har stansa all bruk av dette fram til politi og granskingskommisjon har avslutta sine undersøkingar, seier Johannessen.

Djupt imponert

Oberstløytnant Per Aslak Loso, fortel til Nordlys at heile brigaden er sterkt råka av fredagens ulukke.

Det var han som tok den vanskelege telefonen til Hågen Skattum sine foreldre.

– Eg hadde grua meg veldig til den telefonen. Eg er djupt imponert over korleis dei tok det. Mora var spesielt oppteken av at me måtte ta vare på troppen og finna ut kva som skjedde. Det er eg også oppteken av. Me uttrykkjer vår djupaste medkjensle, seier han.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.