annonse

Hanssen vert ny rektor på Brakanes

FRÅ VOSS TIL ULVIK
FRÅ VOSS TIL ULVIK: Rigmor Hanssen her som rektor i Granvin då ho vart portrettert i fjor haust. No er ho etter eit kort arbeidsopphald i Voss kommune klar for rektorjobben i heimbygda Ulvik. (Foto: Sigrid Seim)

Rigmor Hanssen (56) er tilsett som rektor på Brakanes skule frå 1. august 2018, etter eit kort opphald i Voss kommune.

Rolf Tepstad

Hanssen er i dag leiar for grunnskulen i Voss kommune, ein jobb ho starta i så seint som 1. mars i år.

Før det var ho rektor for Granvin barne- og ungdomsskule. Men heile tida busett i Ulvik.

– Sjansen var no

– Eg veit det ikkje blir sjåande fint ut på cv’en min dette, men likevel. Dette var sjansen. Det var no Thor Erling Larsen ville bli pensjonist, og no rektorjobben på Brakanes vart ledig. Så skulle eg bli rektor lokalt var det no eg måtte søkja, seier Hanssen, som søkte – og fekk jobben.

At ho vil spara ein times tid i dagleg arbeidsreise kvar veg, har sjølvsagt vore eit moment i avgjerda, vedgår Hanssen.

– No kan eg sykla eller gå den dryge kilometeren frå Hjeltnes til skulen, og få ein frisk start på dagen. Men ikkje minst gler eg meg til å møta elevar dagleg. For uansett er det jo dei som er hovudpersonane i skulen!

Skulemenneske

– Men samstundes vert det trist å slutta i den noverande jobben så fort. På Voss har eg vorte kjend med så mange kjekke og dyktige folk, som eg gjerne skulle jobba vidare med. Eg håpar difor å kunna halda kontakten også med dei i åra som kjem, seier Hanssen til Hordaland.

Og det er verkeleg eit skulemenneske som frå hausten tek over rektorkontoret på Brakanes.

I Granvin var ho rektor i åtte år, og før det hadde ho nesten to tiår som lærar, både i Ulvik og i Granvin.

Brakanes skule har heile spekteret av klassar frå 1.-10., og godt og vel 120 elevar, opplyser Rigmor Hanssen.

– Eg har ikkje sjekka talet heilt nøyaktig enno, så fersk er avgjerda, får Hordaland vita.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.