annonse

– Håpar folk støttar kronerullinga for aktivitetspark

STORE PLANAR
STORE PLANAR: I Voss Aktivitetspark er det lagt opp til rullepark, sandvolleyballbane, bocciabane, leikeområde, baderampe og eit stort amfi med mange sitjeplassar. Informasjon om parken vert hengt opp rundt om i bygda. (Foto: Illustrasjon, Østengen & Bergo AS)

– Dette er ei viktig sak for alle å støtta, seier konsernsjef i avisa Hordaland, Terje Olsen.

Stine Strand Carlsen

Lokalavisa er med og sparkar i gang kronerullinga for Voss Aktivitetspark.

Det meiner konsern­leiaren er heilt rett.

– Viktig i utviklinga

– Det er viktig at Hordaland er delaktig i utviklinga av lokalsamfunnet. Dette er ein plass som kjem til å bety mykje for folk i alle aldersgrupper, og heile området er tufta på frivillig innsats, seier Olsen.

Han er særleg imponert over engasjementet til dei frivillige.

– Imponert

– Eg er kjempeimponert over innsatsen til dei som står bak, dei har jobba hardt og målretta for å få dette til. Eg håpar verkeleg at folk er med på å støtta opp om dette viktige tilbodet.

Sjå kor mykje som er samla inn så langt her.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse