annonse

Har sikra Vossebanen for 200 millionar

SIKRAR
SIKRAR: Chris Jensen (t.v.) og Frode Rogne frå Mesta har ein tung og viktig jobb med å sikra Vossebanen mot ras. (Foto: Ingunn Halvorsen/Bane Nor)
VOSSEBANEN
VOSSEBANEN: Det gamle skiltet med «R» og rasvarsling vert no erstatta av fanggjerde som kan stanse steinar før dei treff sporet. (Foto: Ingunn Halvorsen/Bane Nor)
ARBEID
ARBEID: Montørane frå Mesta festar gjerdet som vert heist i riktig posisjon av helikopter. (Foto: Marius Lodden)

Bane Nor har dei siste åra brukt ca. 200 millionar kroner for å sikra Vossebanen mot stein, sørpe og flaum.

Ingvild Siglen Berger

Omkring 50 millionar har gått til flaumsikring, med steinfylling, støttemurar og andre tiltak langs Vosso og Bolstadelvi. Dette over ei strekning på til saman to kilometer.

Vel 40 millionar har gått til omkring 3,4 kilometer med fanggjerde langs sporet, som kan stogga steinar på opptil 5.5 tonn før dei treffer jernbanesporet.

Det er Mesta som har hatt oppdraget med å setja opp heile strekninga med fanggjerde.

Erstattar det gamle

Før var det sett opp gule skilt med «R» på, som fortalde lokføraren at det var rasvarslingsgjerde på staden. Dersom noko trefte gjerdet, varsla eit ljossignal om saktekøyring den neste kilometeren. Toget må nemleg kunna stogga brått dersom det ligg stein i sporet. No er det fanggjerda som erstattar den gamle rasvarslinga.

– Slik kan me hindra at raset skaper problem for togtrafikken. Me vert òg kvitt eit problem med at rasvarslingsgjerda av og til har utløyst falsk alarm på grunn av greiner eller mindre steinar, slik at tog har blitt forseinka utan grunn, seier prosjektleiar Elizabeth Haugen Calder i Bane Nor.

Fleire prosjekt

Vidare har 55 millionar gått til grøfter og stikkrenner for å leia vatn trygt langs med og under sporet. I tillegg har det vorte reinska i fjellet.

– Med det arbeidet som no er gjort, er me trygge på at Vossebanen kan takla ein 200-årsflaum. Men ein flaum på storleik med den i 2014 kan me ikkje stansa så lenge banen ligg på den høgda han gjer, seier Karl Morten Undal i Bane Nor.

Saman med Calder har han dei siste åra hatt ansvar for fleire av prosjekta som skal sikra banen.

Sett på prøve

Mykje av traseen er den same som då banen var ny i 1883, og banen vert stadig sett på prøve. Områdedirektør Tony Dæmring seier at Bane Nor alt har merka resultat av arbeidet.

– Uvêret «Urd» i desember 2016 var det fyrste med eige namn som ikkje førte til togstans på denne strekninga. Men det vil alltid vera ein viss rasfare mellom Voss og Arna så lenge banen fylgjer den gamle traseen, seier han.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.