annonse

Har skrive sjauarane sin ABC

FORFATTARANE
FORFATTARANE: Jonas Håheim Bakk frå Ulvik og Vemund Styve frå Evanger har samarbeidd om å skriva boka Sjauarhandboka. Dei har òg hatt hjelp av Jonas Laupsa. Her sjauar 2.-klassingane utanfor Vossasalen. (Foto: Ingerid Jordal)
SJUKANTEN
SJUKANTEN: Det finst fleire former for sjauing, ifylgje sjauarane sjølve. Sju former, for å vera heilt presis. (Foto: Ingerid Jordal)
DEBUTBOK
DEBUTBOK: Dei utelukkar ikkje ein oppfylgjar. (Foto: Ingerid Jordal)
LEGENDA
LEGENDA: Jan Stedje er ifylgje dei unge forfattarane gudfaren innan sjauing. (Foto: Ingerid Jordal)

Det var på Vossa Jazz det starta, for eitt år sidan. No har Vemund Styve (17) og Jonas Håheim Bakk (17) gjeve ut «Sjauarhandboka».

Siri Flatlandsmo

– Me har alltid sjaua, seier Vemund Styve.

– Både heime og hjå kvarandre. Me har jobba med lyfting av høyballar og riving av hus. Og på Vossa Jazz, seier Jonas Håheim Bakk.

Styve og Bakk står oppå ei plattform langt oppe på veggen i Vossasalen. Dei hengjer opp ein svart duk langs heile bakveggen i salen. Dei jobbar. Eller, dei sjauar.

Ein sjauar som heitte Sjaur

All denne sjauinga har no vorte til ei bok: «Sjauarhandboka». Og det var på Vossa Jazz eventyret starta, då Vemund og Jonas skulle laga medarbeidarvideo i fjor.

– Då fann me ut at me skulle skriva dikt, fortel Vemund.

Diktet dei då skreiv, handlar om sjauaren Sjaur.

– Etter dét byrja me å tenkja meir og meir, fortel Jonas.

Eitt år seinare har dei resultatet i handa.

– Me vil at folk skal vita litt meir om kva ein sjauar er, forklarer Jonas.

For å gjera dette presenterer dei mellom anna «sjukanten»: Dei sju retningane sjauing kan ta: Lyfta, røska, dengja, putla, grubla, lirka, skobba og lyfta.

– Ein lang veg å gå

I boka har dei òg intervjua ein anonym sjauar.

– Hans fyrste møte med sjauing var då han sat i beremeisen til far, seier Jonas.

– Han hadde ei stor sjauarslekt, seier Vemund.

Vemund er frå Evanger og Jonas er frå Ulvik. Dei går på musikklina saman på Voss.

Ved sida av eigne dikt og tekstar er det kjende diktet «Din veg» av Olav H. Hauge å finna i boka.

– Me skriv om kva du skal velja, kva som skal bli din veg, forklarer Vemund.

Dei spurde den anonyme sjauaren om sjauing er noko å satsa på i framtida.

– Viss du vil satsa på det, får du ein lang veg, sa han då, fortel Vemund.

Det kan dei to unge sjauarane skriva under på, for ein gong måtte dei bera ei eldgammal og veldig tung videokanon ned ei stupbratt trapp før ein konsert.

Sjølv ser dei vel ikkje for seg at sjauing blir vegen å gå. For mykje av sjauararbeidet er jo ubetalt.

Har trykt opp andre opplaget

Ulvikjen og evangaren finn mykje inspirasjon i å prata saman. Men det er ikkje så mange som er klar over at dei har skrive denne boka.

– Men familien som fekk boka til jol synest det er veldig artig, seier Jonas.

Men no skal «Sjauarhandboka» seljast på sjølvaste Vossa Jazz. Andre opplaget er alt trykt opp.

– Me har tjue eksemplar no. Men me kan jo bestilla fleire, då, seier Vemund.

Idéane i boka er eit godt samarbeid, og det er Vemund som har skrive ned det meste.

– Eg synest det er kjekt å skriva, seier han.

– Så lenge du har kaffi, går det ganske radig, seier Jonas.

Det gjeld visst både skriving og sjauing, skal me tru dei to.

Ny bok i sikte?

Kvar vegen går vidare for dei to sjauarane, er ikkje heilt sikkert.

– Det vert ikkje ny bok med det fyrste, i alle fall. seier Jonas.

– Det blir eventuelt å utvida denne, då, seier Vemund.

Dei lurar på å skriva om ord og omgrep innan sjauarkulturen.

– Som til dømes rokl og aobakle, seier Vemund.

Eller kanskje det vert reglar for sjauing. For det finst reglar.

– Éin regel er at dei eldre er øvst. Dei har lov til å jekka deg ned og seia alt du gjer feil, seier Vemund.

– Viss du ikkje får til å løfta noko, då kan dei gni det inn, legg Jonas til.

Ein eldre sjauar kjem bort og ber dei om å komma til Vossa Jazz-kontoret. Dette er Jan Stedje.

– Han er sjauarlegenda, seier Jonas.

– Han er gudfaren, seier Vemund.

Kvar vegen går for Jonas og Vemund, er usikkert. Men på sjauarstigen kan det altså berre gå oppover.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.