annonse

Hard kamp i intern konkurranse

KJEMPAR
KJEMPAR: Det er heftige saker med fellesstart med familien. Her tek Hege Krokås Borge teten. (Foto: Siri Flatlandsmo)
FULL FRES
FULL FRES: Frå morgon til ettermiddag var det fullt av skiglade påskeferierande i Årmotslia. (Foto: Siri Flatlandsmo)
KLARE SOM EGG
KLARE SOM EGG: Familien er klare på startsstreken.Her er Hege Krokås Borge, Wibeke Krokås og Roger Borge. (Foto: Siri Flatlandsmo)
I FARTEN
I FARTEN: Hege Krokås Borge er fyrste løpar inn til skyting, i vakker klassisk stil. (Foto: Siri Flatlandsmo)
FÅR HJELP
FÅR HJELP: Krokås Borge får hjelp til å skyta. (Foto: Siri Flatlandsmo)
GLIR FORBI
GLIR FORBI: Wibeke Krosås tek att dottera si Hege under liggjande skyting. Her tek ho på seg skia att for å skli inn det siste stykket mot mål. (Foto: Siri Flatlandsmo)
NØGD
NØGD: Krokås Eide er nøgd med skytinga. Men det var ikkje godt nok til å sikra sigeren og vandrepokalen dette året. (Foto: Siri Flatlandsmo)

– No er eg klar, seier Hege Krokås Borge. Ho står på startstreken i Skiskytingens dag. I tankane ser ho den skinande vandrepokalen i familien sitt årlege skiskyttarrenn.

Siri Flatlandsmo

Krokås Borge er i Årmotslia, ikledd ein påskegul heildress. Skiløypene er pynta til den årlege hendinga Skiskytingens dag. På denne dagen har Krokås Borgevore med heile tretten gonger tidlegare. Familien har hytte i Myrkdalen, og kvar påske er dei i Årmotslia på påskeaftan.

På desse åra har familien utvikla sine heilt eigne spelereglar for konkurransen i skiskyting. Og konkurransen seg imellom, den er hard. I fjor var det Sofie Povoa som reiste heim med vandrepokalen. Det kan ikkje dei andre lata skje denne gongen.

Startar godt i klassisk stil

Rundt familien spring born rundt i og utanfor løypene, både med og utan ski. Vaksne grillar i solsteika, eller kastar seg med i leiken. Skiskytingens dag har snart vorte arrangert i heile 40 år, og arrangementet vert berre større og større. Veldig mange av deltakarane er hyttefolk, og påmeldingskøen strekkjer seg bortover løypa til langt utpå ettermiddagen.

På startstreken står Krokås Borge, ved sida av mor Wibeke Krokås, som har heimestrikka Solo-lue på hovudet.

– Viss du vil ha det ordentleg, så må du gjera det sjølv, seier ho om lua.

I skiskyting er det tradisjonelt sett fristil som gjeld. Men for denne familien er ikkje akkurat dét så viktig.

– Eg går for klassisk. Men eg har litt dårleg feste, så det vert nok nokre fall, åtvarar Krokås Borge.

Startskotet går og Krokås Borge tek teten i gruppa utan problem. Dei tretten åra med trening ser ut til å liggja godt i beina.

Får motstand frå familien

Inn til skyting leiar den gulkledde an. Men der skal ho òg mista sigeren.

Tre konkurrentar skyt seg forbi på standplass, og Krokås Eide går i mål til den sure fjerdeplassen. Aller fyrst i mål var Frida Eili T. Espeland. Det er ho som brukar å få sigeren og vandrepokalen, så no håpar ho på gode resultat frå skytinga. Det kan sjå lovande ut for Espeland, dette.

Krokås Eide er usikker på skytinga.

– Han som hjelpte meg med å skyta, sa det gjekk bra! Men eg er ikkje sikker på om han snakkar sant, seier Krokås Borge.

Familien hentar skyteskivene sine av papp og undersøkjer resultatet. Den gulkledde er nøgd.

– Alle skota er innanfor tiaren!

Men for å få full pott i deira private tevling, då må alle skota liggja innanfor seksaren.

Full familiefeide

Storfamilien tek med seg skyteskivene til ein sofa dei har grave ut frå snøen. Dei fyrer opp eit par eingongsgrillar og set seg ned for å samanlikna skyteresultat og diskutera seg fram til kven som er vinnaren. Reglane er litt uklare, for alle. Det som er klart, er dette: Det er om å gjera å få så få poeng som mogleg.

Etter mykje fram og tilbake, spør Krokås Borge:

– Men er det så jækla viktig, då?

– Ja, for eg skal ha tilbake pokalen! seier Espeland.

Stridens kjerne er det at det er umogleg å telja ti skot på Espeland si skyteskive. Då er det store spørsmålet: Skaut ho eitt skot utanfor skiva, eller skaut ho med så god samling at to skot har gått gjennom same holet?

Familien får fyr på grillane og kosar seg med pølser i sola. I bakgrunnen høyrest rifleskot. Krutlukta heng over Årmotslia. Livet er fint denne påsken, uansett kven som vinn denne pokalen. Eller?

– Det stridast framleis, seier Espeland.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.