annonse

Hardingar til finalen i «Klassequizen»

KLARE
KLARE: Sofie Opedal (til v.), Thea Shan Hesthamar Raunsgard og Sara Lutro er i finalen i Klassequizen 2017, som går laurdag kveld. (Foto: Skjermdump NRK)

Laget til Kinsarvik skule tok seg heilt til finalen i NRK sin Klassequizen 2017.

Ingvild Siglen Berger

Tiandeklassingane Sara Lutro, Sofie Opedal og Thea Shan Hesthamar Raunsgard har gjort reint bord i tidlegare rundar i Klassequizen.

Det er landet sine beste 10. klassingar som møtes i kunnskapskonkurransen, og Kinsarvik er representantar for Hordaland fylke.

Førre helg gjekk dei vidare frå semifinale til den store finalen, og i morgon kveld vert det klart kven som kan kalla seg dei smartaste 10. klassingane i landet.

Finalen går i Oslo, og Kinsarvik skal kjempa om sigeren mot sju andre lag.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.