annonse

Heiderleg omtale til fotograf Ingerid Jordal og Hordaland

HEIDERLEG OMTALE
HEIDERLEG OMTALE: Ingerid Jordal og Hordaland fekk heiderleg omtale for dette biletet av Eirik Nestaas (7) og skulebussen som sklei av vegen. (Foto: Ingerid Jordal)

Fotograf Ingerid Jordal fekk heiderleg omtale i LLA sin «Årets lokalavisfoto-konkurranse 2017».

Ingvild Siglen Berger

Jordal fekk heiderleg omtale for biletet av 7 år gamle Eirik Nestaas ved sida av skulebussen han sat i. Bussen køyrde av vegen i februar i fjor mellom Vangjolo og Nesthus på sørsida av Vangsvatnet.

– Det berre skjedde. Eg vart litt redd, men eg vart ikkje skadd. Eg fekk berre litt ilt i armen, sa Nestaas etter ulukka.

På ulukkesstaden var det spinnglatt. Heldigvis gjekk det bra med både bussjåføren og 7-åringen som sat i bussen.

Vanvittig glatt

Då fotograf Jordal kom på jobb den aktuelle morgonen, var det einaste ho visste at ein skulebuss hadde køyrd av vegen på det glatte føret.

– Då tenkjer ein med ein gong at dette er ei kjempeviktig sak. Redaktøren hadde alt vore der og var på veg tilbake, men eg tenkte at det ville vera fint om ein fotograf reiste ut òg.

Ho køyrde mot ulukkesstaden, og måtte parkera eit stykke unna.

– Det var vanvittig glatt og eg bokstaveleg tala sklei meir enn eg gjekk bort til ulukkesstaden, seier fotografen.

Spektakulær hending

Jordal fortel at alt låg til rette for at ho kunne jobba på den måten ho ynskte.

– Eg trefte far til Eirik med ein gong, og spurde om å få snakka med sonen. Det var greitt for både han og Eirik, så då gjorde eg det. Eirik tok alt med godt humør og sa til meg at det eigentleg ikkje var så veldig skummelt. Han syntest det viktigaste då var spørsmålet om han fekk fri frå skulen eller ei, seier fotografen.

Ho meiner noko av det spesielle med ulukka var den digre bussen utfor vegen, samstundes som at ingen vart skadde.

– Det var heldigvis ikkje noko kritisk for dei som var med, så dette var meir ei spektakulær hending enn ei tragisk ulukke. Då er ein mykje friare på kva ein kan gjera på ein ulukkesstad, fortel Jordal.

Fanga det spesielle

Fotografen ynskte å fanga det spesielle i at 7-åringen var den einaste passasjeren på den store bussen.

– Eg ville gjerne få det med i saka. Det som var så fint var at det etter kvart forsvann litt folk derfrå. Eg tok bilete då Eirik stod nærare meg, men då han gjekk bort til bussen såg eg det vesle, sårbare mennesket opp mot den svære bussen. Det var ei ulukke som kunne gått skikkeleg gale, fortel ho.

Juryen, sett saman av Frida Bringslimark, Ellen Lande Gossner og Katinka Hustad, skriv fylgjande om biletet:

«Bildet med Eirik Nestaas og skulebussen påverker juryen etter det som må ha vore ei skremmande oppleving for alle som var i bussen. Fotografen har følgt opp eit nyhende på ein fin og respektabel måte. Dette bildet vil stå seg i lang tid. Ingerid Jordal og Hordaland fortener heiderleg omtale i LLAs Årets lokalavisfoto-konkurranse».

Omtalen vart delt ut på Landslaget for lokalaviser sitt landsmøte i Bodø denne helga.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.