annonse

Heiderspris til grønsakdyrkar i Ulvik

LOKAL MAT
LOKAL MAT: Jarl Håkon Gjerde og Jane Haukaas Gjerde har i mange år sytt for at vossingar og hardingar har hatt tilbod om kortreist frukt og grønt. (Foto: Terje Hjartnes)

Slow Food Hardanger har delt ut sin aller fyrste heiderspris, til Jarl Håkon Gjerde i Ulvik.

Sigrid Seim

Gjerde fekk prisen då Slow Food Hardanger nyleg feira Moder Jord (Terra Madre)-dagen, på Elvatun i Ulvik. Han fekk prisen for arbeidet sitt som ein framifrå grønsakdyrkar og fruktbonde i Ulvik.

– Prisen skal gå til ein person som vier sitt liv og virke til å arbeida for god, rein og rettvis mat, opplyser Jorid Lekve Eide, som er leiar i Slow Food Hardanger.

Jarl Håkon Gjerde har som ein framifrå grønsakdyrkar og fruktbonde levd av og med jorda si i Ulvik sidan 1980-talet. Han har levert grøne vekstar frå jord til bord, til glede for lokale middagsbord inst i Hardanger og området rundt, peikar ho på. No har han og kona Jane hatt sin siste sesong med grønsakbil på torget, men det vil framleis gro godt på garden, men no berre til eige bord.

– Slow Food Hardanger vil med denne prisen gje ein audmjuk takk til Jarl Håkon og Jane for sitt årelange arbeid for ein berekraftig matproduksjon i eit sesongbasert lokalt perspektiv, seier Jorid Lekve Eide.

Slow Food Hardanger har det siste året hatt fleire arrangement, kurs og møte i Ulvik, der god mat og matglede står i fokus. Gruppa har i overkant av 40 medlemer, opplyser Jorid Lekve Eide.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.