annonse

Heim til jol

KVAR VART DET AV
KVAR VART DET AV: – So lat oss i tanken vandra, i kveld til den låge stall, der finn me det vesle barnet, som kom frå Guds himmelhall. (Foto: Vidar Herre/illustrasjon)

Å koma heim til jol, er eitt av høgdepunkta i året. 

Då legg me frå oss arbeid eller studiar, eller kva det er me held på med, og set kursen heimover. Å koma heim til jol, handlar for mange om å vera samla i familien. Tanter, onklar, besteforeldre, mamma og pappa, sysken er samla for å feira det som hende for 2000 år sidan i ein stall i Betlehem. Då stjerna lyste som ei sol over den vesle stallen der Jesus kom til verda.

Å koma heim, er ikkje å koma til framande. Nei, det er å koma til dei me kjenner. Der det heile byrja. Der livet tok til og der me tok fyrste stega, gjekk på fyrste skulen eller sa dei fyrste orda. Heime er der mor og far bur. Det er der hjarta våre alltid vankar, og der me finn fred, fred med livet og med kvarandre.

For nesten nøyaktig 10 år sidan vart eg ordinert i Evanger kyrkje. Det er same kyrkje som alle borna våre er døypte i. Det er same kyrkje som eg og konemor vart vigde i. Det er same kyrkja som besto på Evanger vart gravlagd i. Å koma heim handlar ikkje berre om eit hus, men kan også vera ei kyrkje. For meg var det her det heile byrja. Det var her eg fekk eit kall til å verta prest, det var her eg vart ordinert til prest og no, ti år seinare, er eg attende til der det heile byrja. Ja, eg har kome heim.

I dag kjem gutane heim. Mellomste guten har teke toget frå Vennesla, og eldste guten har kome heim frå Bergen. Me er faktisk tre generasjonar samla til jol, og eg kjenner at eg gler meg. For det er noko å vera samla til jol som ein familie. Der me kan fortelja dei gode gamle historiene, verta oppdaterte på kva som er nytt, og berre vera saman. Denne jola er også svært spesiell, for det er siste jula eg berre er far og ein ektemann. I januar vert eg bestefar for fyrste gong. Eit nytt liv er på veg og der framtid og håp er tent.

Jola er ei fantastisk tid. Verda fell til ro og stjernene lyser litt ekstra for vår vesle jord. Det er som om verda står litt stille, og ventar på det vesle barnet.

HELGETANAR
HELGETANAR: – Å koma heim, er ikkje å koma til framande. Nei, det er å koma til dei me kjenner, skriv Cato Torsvik i Helgetankar. Foto: Privat

Men jola er også ei tid for refleksjon, sakn og ettertanke. Nytt liv er på veg, men me har også mista besto på Evanger, mormor og bestefar. Saknet er stort, og eg skulle ynskt dei var her. Men gjennom Guds kjærleik til menneska, har han skapt ein himmel over jorda med ein nåde så stor. Sjølv om dei er borte, er dei framleis med oss. For gjennom det vesle barnet som kom til jorda vår for 2000 år sidan, har Guds himmel kome oss nær. Det er dette som er jola sin bodskap. At gjennom Guds kjærleik vert livet llyfta fram til Gud, og velsigna gjennom hans kjærleik til oss. Dei som har gått bort, lever vidare i Guds evige himmel.

Å koma heim til jol handlar om å sjå litt av Guds herlegdom gjennom Jesus. Jola er ei heilag tid, der Gud kjem til oss med sin nåde og kjærleik. Sjølv om verda er råd å oppleva som aude og tom, så er det eit ljos som skin i mørket. Og det er dette ljoset som kveikjer håpet om at det skal verta betre. At det som har vore, er og skal verta, er i Gud sine hender. Me kan berre leggja våre liv i hans hender, som eit lite barn, og berre finna fred. Guds fred over livet.

Med det ynskjer eg dykk alle ei riktig god og velsigna jolehøgtid.

Cato Torsvik, prest

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.