annonse

Hekta på strikking

Dei glade strikkarane var på plass på stand på Amfi laurdag. Frå venstre
TIL EI GOD SAK: Kari Ertzeid Amundsen, Sigrunn Lie, Elfrid Brekke og Brita Almeland. (Foto: Stine Strand Carlsen)

Strikkedamene i Nabobeino synte fram litt av kleda dei sender til barn i Romania på Amfi laurdag.

Stine Strand Carlsen

– Dette er berre ein brøkdel av det me har på lager! seier Brita Almeland.

Ho og fleire andre damer i strikkekaféen til Nabobeino var på plass på stand på Amfi laurdag føremiddag. Her var det genserar sokkar, huer og andre strikkeprodukt som kjem godt med i kulda.

– Kleda går til born i Romania. Det er ikkje alle som har det så godt som oss, og det er fint å tenkja på at me kan hjelpa til på eit vis, seier damene.

Nabobeino samarbeider med Misjon Uten Grenser i strikkeprosjektet. Om lag 12 stykk møter til strikkekafé ein gong i veka, men dei har plass til fleire.

– Me vil oppmoda alle til å ta ein tur innom kafeen på fredagane, kvinner som menn. Me har det så triveleg, og ein treng ikkje kunna strikka ein gong! Kom innom og slå av ein prat over ein kopp kaffi, seier dei blide damene.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.