annonse

Held fram på landslaget

FORTSET
FORTSET: Skiskytar Hilde Fenne. (Foto: Ingerid Jordal)

Hilde Fenne frå Voss skiskyttarlag er teken ut på landslaget også for komande sesong.

Denne veka offenttleggjorde Norges Skiskyttarforbund dette damelandslaget for sesongen 2017/2018: Tiril Kampenhaug Eckhoff (Fossum IF), Marte Olsbu (Froland IL), Synnøve Solemdal (Tingvoll IL), Ingrid Landmark Tandrevold (Fossum IF), Kaia Wøien Nicolaisen (Asker SK) og Hilde Fenne (Voss SSL).

Røthe fortset

Vossingen Sjur Røthe er sjølvsagt med på allroundlandslaget i langrenn for komande sesong.

Her er herrane sin allroundtropp: Martin Johnsrud Sundby (Røa IL), Niklas Dyrhaug (Tydal IL), Sjur Røthe (Voss IL), Hans Christer Holund (Lyn Ski), Finn Hågen Krogh (Tverrelvdalen IL), Didrik Tønseth (Byåsen IL), Emil Iversen (IL Varden Meråker), Simen Hegstad Krüger (Lyn Ski) og Petter Northug jr. (Strindheim IL).

I tillegg er vossingen Emma Skjoldli for fyrste gong teken ut på juniorlandslaget i langrenn.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.