annonse

Her er dei nominerte til Årets namn 2017

NOMINERT
NOMINERT: Familien Styve. (Foto: Vidar Herre)
NOMINERT
NOMINERT: Nils T. Bjørke. (Foto: Rolf Tepstad)
NOMINERT
NOMINERT: Laila Himle. (Foto: Lisa Maria Breistein Sølvberg)
NOMINERT
NOMINERT: Nils Dagfinn Dregelid. (Foto: Ørjan Brattetveit)
NOMINERT
NOMINERT: Knut Hamre. (Foto: Vidar Herre)
NOMINERT
NOMINERT: Gunnvor Lindland Loven. (Foto: Vidar Herre)
NOMINERT
NOMINERT: Silje Skorve Paulsen. (Foto: Ingerid Jordal)
NOMINERT
NOMINERT: Torunn Ljone og dugnadsgjengen på Skeiemylna. (Foto: Vidar Herre)
NOMINERT
NOMINERT: Kåre Lie og Marta Midttun. (Foto: Marit Eide)
NOMINERT
NOMINERT: Tore Nyborg. (Foto: Ørjan Brattetveit)

Kven fortener heider og ære? Her er dei ti nominerte til Årets namn.

  • Redaksjon@avisa-hordaland.no

Hordaland har fått inn fleire innspel til nominerte. No er lista klar, og fristen for å røysta er 21. desember!

Dei ti er:

  • Gunnvor Lindland Loven
  • Nils T. Bjørke
  • Familien Styve
  • Kåre Lie og Marta Midttun
  • Nils Dagfinn Dregelid
  • Laila Himle
  • Knut Hamre
  • Silje Skorve Paulsen
  • Torunn Ljone og dugnadsgjengen på Skeiemylna
  • Tore Nyborg

Framover vil avisa presentera to og to nominerte med litt meir informasjon. Fyrst ut er desse:

Familien Styve

Trygve Styve sin kamp for fast plass på sjukeheim vart ikkje berre ein sak for lokalavisa, men for heile rikspressa sist sommar. Og til sist vart det ei gladsak, i dag bur både Trygve og kona Anna fast på Vossestrand omsorgstun, der dei gjennom Hordaland nyss kunne fortelja at dei trivst storarta.

Nils T. Bjørke

Nils T. Bjørke vart den store vinnaren ved stortingsvalet på Voss i haust. Ikkje berre gjorde Sp eit brakval her lokalt, i tillegg fekk Bjørke sjølv stortingsplass, på utjamningsmandat for Hordaland. I Oslo fauk han rett inn i presidentskapen, og er no visepresident på Stortinget.

Slik stemmer du

Send oss ein melding på Facebook med di stemme, eller send ein e-post til namn@avisa-hordaland.no.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.