annonse

Her er folket sine favorittar

VINNAREN
VINNAREN: Forslaget til Jorunn Andreassen (53) var best likt av dei atten finalebidraga til nytt fylkesvåpen for Vestland. (Foto: vlfk.no)
RESULTAT
RESULTAT: Her er dei fylkesvåpena som var nominerte som folkefavoritt. Etter ei avstemming på nett, vart dette resultatet, rangert etter talet på stemmer. Vinnar oppe til venstre. Andre- og tredjeplassen ved sida av. (Foto: Hordaland fylkeskommune)

Vinnaren av folkerøystinga vert eitt av fire våpen som saman dannar grunnlaget for det som skal bli fylkesvåpen for Vestland.

Siri Flatlandsmo

– Er det mogleg? Det var eigentleg ein vill og galen idé, seier vinnaren Jorunn Andreassen frå Jølster i Sogn og Fjordane.

Ho tenkte eigentleg fyrst på både vikingar og historie då ho skulle senda inn forslag, men fann ikkje noko som appellerte. Så såg ho føre seg korleis kartet vil sjå ut når Hordaland og Sogn og Fjordane slår seg saman til eitt «Vestland».

– Folkefavoritten vert eit viktig innspel i den vidare prosessen, seier Per Morten Ekerhovd,

Nøgd med engasjementet

Ekerhovd er konstituert fylkesdirektør for kultur og idrett i Hordaland fylkeskommune. Han er nøgd med engasjementet. Til å byrja med kom det inn 667 forslag til fylkesvåpen. Etter at både folkejuryen og fagjuryen hadde valt sine 18 samla favorittar, kunne folket røysta over nett. Då røystinga vart avslutta torsdag og alle dei 6471 stemmene var talde opp, var vinnarfylkesvåpenet klart. Kartet til Andreassen fekk heile 1632 røyster, som utgjorde over 25 prosent totalt.

– Sjølv om fylkesvåpenet er ei viktig sak, hadde me ikkje våga å håpa på at dette skulle engasjera så mange av innbyggjarane, seier Ekerhovd.

– Eit bidrag til fellesskapet

Vinnarvåpenet eit kart over Hordaland og Sogn og Fjordane, i grønt og sylv. Det grøne symboliserer det frodige Vestlandet og sylv er havet, opplyste Andreassen då ho sende inn vinnarvåpenet saman med fem andre forslag. Eitt av dei andre forslaga nådde opp til niande plass.

– Me har merka oss at dette er ein populær motivkategori. Det er tydeleg at fjordane står sterkt både i Hordaland og Sogn og Fjordane, seier Jørn Øyrehagen Sunde.

Han bur i Vaksdal, er professor ved UiB og jobbar mellom anna med heraldikk, læra om slike våpen. Han var også med i fagjuryen, som valde ut sine favorittar tidlegare i prosessen.

Øyrehagen Sunde fortel at det finst mange ulike typar fylkesvåpen, men at dei to hovudtypane er konkrete og stiliserte. I dag har Hordaland eitt konkret våpen, medan Sogn og Fjordane sitt er meir stilisert.

– Ein skal straks gjenkjenna det. Derfor må det vera klart og tydeleg. Og ein skal assosiera fylket sin karakter med motivet, forklarar Øyrehagen Sunde.

At det er store variasjonar internt i fylket, skapar ei utfordring.

– Me må finna noko felles. Våpenet er eit bidrag til å skapa ei kjensle av fellesskap, seier han.

Viktig vidare i prosessen

Men det er ikkje så enkelt at folkefavoritten vert det nye fylkesvåpenet, i alle fall ikkje akkurat slik det ser ut no. Saman med tre forslag frå fagjuryen, vert det teke med som inspirasjon i ein designkonkurranse som skal føregå i haust. Inntil fem designbyrå vert inviterte til å koma med sine forslag til nytt fylkesvåpen. Dei kan designa noko heilt nytt, bruka dei fire forslaga som inspirasjon, eller velja eitt av forslaga i sin heilskap, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

Til slutt er det opp til politikarane i fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland, som saman skal vedta det nye fylkesvåpenet i desember.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.