annonse

Her vert det buss for tog i 2018

BERGENSBANEN
BERGENSBANEN: Arbeid med nytt snøoverbygg i stål på høgfjellet. (Foto: Ingunn Halvorsen/Bane Nor)

Planane for arbeid og vedlikehald på Bergensbanen er klare for 2018, og det er særleg strekninga mellom Voss og Bergen som i periodar må halda stengd for togtrafikk.

Ingvild Siglen Berger

Jernbanen vert altså stengd i korte periodar, og då vil NSB setja opp alternativ transport. Her er arbeidstidene som vil påverka reisande mellom Voss og Bergen:

• Torsdag 15. mars kl. 03.30 til måndag 19. mars kl. 05.00. Då vert det arbeid mellom Voss og Bergen.

• Tysdag 3. april til torsdag 19. april vert det arbeid mellom Voss og Bergen på kvardagar mellom kl. 09.10 og 14.55. Trafikken går som vanleg morgon og ettermiddag, samt i helgene.

• Laurdag 28. april kl. 00.45 til sundag 29. april kl. 11.55 vert det arbeid mellom Myrdal og Bergen.

• Måndag 10. september til fredag 28. september vert det arbeid mellom Voss og Bergen på kvardagar mellom kl. 09.10 og 14.55. Trafikken går som vanleg morgon og ettermiddag, samt i helgene.

• Laurdag 29. september kl. 00.45 til sundag 30. september kl. 11.55 vert det arbeid på heile Bergensbanen mellom Hønefoss og Bergen. Det vert ikkje sett opp alternativ transport for regiontog mellom Oslo og Bergen.

Samlar arbeidet

Det overordna målet med arbeidet er å sikra ei meir punktleg reise for passasjerar og gods, ifylgje Bane Nor. På planen står mellom anna nytt snøoverbygg på fjellet, utskifting av skjener og sviller, samt vidare arbeid med den nye tunnelen gjennom Ulriken og ombygging av Arna stasjon.

– Nokre oppgåver krev meir tid enn korte økter mellom passerande tog. Me vil samla dette arbeidet i fire intensive helger for å forstyrra trafikken så lite som råd. I tillegg vil me jobba midt på dagen i tre veker i mars og tre veker i september, opplyser områdedirektør Tony Dæmring i Bane Nor, i ei pressemelding.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.