annonse

Hercules-flyet bede om å gå til lågare flygenivå enn Kebnekaise

(NPK-NTB): Hercules-flyet fekk beskjed frå flytårnet i Kiruna om å fly lågare enn toppen av Kebnekaise.

  • Www.avisa-hordaland.no Administrator

Den svenske havarikommisjonen la fredag fram den førebelse rapporten om ulukka på Kebnekaise 15. mars. Fem personar omkom i ulykka.

I rapporten går det fram at flytårnet hadde kontakt med Hercules-maskina kort tid før flyet trefte fjellveggen. Mannskapet på Hercules tok kontakt då dei var 50 nautiske mil vest for Kiruna, og bad om visuell stadfesting då dei nærma seg.

– Deler ikkje ut skuld

Tårnet gav beskjed om at flyet skulle gå ned til «flygenivå 70». Dette er lågare enn toppen på Kebnekaise, der flyet krasja berre 3 minutt seinare.

Havarikommisjonen understreka at dei ikkje har konkludert om årsaka. Dei ville fredag ikkje seie om beskjeden frå tårnet kan ha ført til ulukka.

– Det er ikkje tida til å dele skuld. Vi har berre gjort ein analyse, så skal vi granske det nærare, seier leiaren av den norske undersøkingskommisjonen, Per Egil Rygg.

Mannskapet i tårnet er enno ikkje avhøyrt, men havarikommisjonen opplyste at det er ein del av arbeidet som står att.

Flaug inn i ei sky

Det var dårleg vêr i området den aktuelle ettermiddagen, og Hercules-flyet skal ha vore i ei sky då ulukka skjedde. Mannskapet hadde inga aning om at dei var i nærleiken av fjellveggen før sekund før samanstøyten. Siste radarkontakt var mindre enn eit halvt minutt før ulukka.

– Ein har ikkje manøvrert flyet før ulukka skjedde. Det betyr at besetninga ikkje var klar over kva som ville skje, seier talsmannen for kommisjonen.

Kommisjonen baserer dette på funn som tilseier at det ikkje var bevegelse på rora på flyet. Farten var 280 knop då flyet trefte fjellet, altså 500 kilometer i timen.

Ifølgje den førebelse rapporten er det ikkje noko som tyder på at teknisk svikt var årsaka.

På grunn av dei vanskelege forholda ved havaristaden har havarikommisjonen avslutta søket etter dei svarte boksane. Dei vil ta opp att søket når snøen har smelta. (©NPK)

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.