annonse

Herrane tapte på bortebane

FRÅ SIGER TIL TAP
FRÅ SIGER TIL TAP: Jan Ruben Sleen i aksjon mot Nymark på heimebane sist helg. Denne gongen var dei ikkje like heldige. (Foto: Ørjan Brattetveit/Arkiv)

Det gjekk ikkje heilt vegen for Fbk Voss Herrelag mot Søfteland.

Stine Strand Carlsen

– Søfteland slo oss 2–0 i vår, så denne helga har me og litt å ta igjen for frå vårkampen, melde herrelaget på si Facebook-side før kampen.

Men det gjekk likevel ikkje heilt vegen for vossaspelarane.

Kampen enda til slutt 5–1 til Søfteland.

Målrik 1. omgang

Søfteland fekk inn dei to fyrste måla på rappen i 6. og 11. minutt. I 22. minutt sette Søfteland inn sitt tredje mål. Til pause stod det 3–0.

– Ikkje godt nok i denne omgangen, men me har komne til fleire store sjansar, så om me får neste mål kan alt skje, skreiv vossalaget optimistisk på oppdateringstråden.

Men målfesten til Søfteland heldt fram også i andre omgang, og i 55. minutt vart fjerde målet sett inn. Midtvegs i andre omgang fekk Søfteland raudt kort etter eit overfall på Martin Bidne som var på veg framover.

Fekk mål til slutt

I 75. minutt scora Søfteland sitt femte mål, men i sekundane etterpå sette Martin Bidne inn Voss sitt fyrste og einaste mål denne kampen.

Sist helg vann herrane 3–1 mot Nymark på heimebane. Neste kamp for 5. divisjonslaget er neste laurdag, når dei skal møta Fri heime.

Laurdag speler kvinnene i 2. divisjon på Olabanen, der dei skal møta Vestsiden-Askøy.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.