annonse

Hilde og Vinjar til OL

TIL OL
TIL OL: – Eg er optimist. Eg har gjort det godt på trening lenge, og fekk til eit godt renn no i verdscupen sist, så målet er å koma til superfinalen, seier Vinjar Slåtten. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)
TIL OL
TIL OL: Hilde Fenne er teken ut til OL. (Foto: Viktor Storsveen/Arkiv)

Hilde Fenne og Vinjar Slåtten vart i dag tekne ut til OL.

Ørjan Brattetveit

– Eg er veldig glad og litt overraska, seier Vinjar Slåtten frå Voss Freestyleklubb.

Kulekøyraren var mellom utøvarane som vart tekne ut til OL onsdag. Han tok ein 10. plass i verdscupen i Canada nyleg, og hadde eit håp om å bli teken ut. Samstundes hugsa han godt uttaket i 2014, då han med betre resultat ikkje fekk OL-billett.

No reiser han til pre-camp i svenske Åre før han reiser til OL.

– Eg er optimist. Eg har gjort det godt på trening lenge, og fekk til eit godt renn no i verdscupen sist, så målet er å koma til superfinalen, seier Slåtten.

Fyrste OL

I superfinalen kjempar dei seks beste om topplasseringane.

– Då vil eg uansett vera godt nøgd. Og er ein fyrst i superfinalen, kan alt skje, seier Slåtten.

Han er klar for sitt fyrste OL.

– Synd at Tevje Lie Andersen ikkje er med. Det var nære på, seier Slåtten.

Lie Andersen har ein 16. plass som beste verdscupresultatet i år.

Voss har sterke tradisjonar i kulekøyring i OL. Kari Traa har teke gull, sylv og bronse i tre forskjellige leikar, og Hans Engelsen Eide tok medalje då kulekøyring var prøvegrein i 1988.

Skiskyttarbygda

Hilde Fenne, Voss Skiskyttarlag, vart saman med Tiril Eckhoff teken ut onsdag. Og vossingen er klar for sitt fyrste OL.

Ho har opplevd suksess i VM, då ho i 2013 tok gull på stafett. Og kjem vossingen seg med på ein av dei to stafettane, ligg ho godt an til å ta OL-medalje.

Voss har også lange tradisjonar i OL mellom skiskyttarane. Det er nok å nemna namn som Eirik Kvalfoss, Odd Lirhus og Jon Istad. 

Hordaland fekk ikkje tak i Fenne onsdag. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.