annonse

Hilde til topps i Tyskland

TIL TOPPS
TIL TOPPS: Hilde Fenne har grunn til å smila laurdag. (Foto: Viktor Storsveen/arkiv)

Hilde Fenne vart beste skiskyttar i IBU-cupen i Arber laurdag.

Siri Flatlandsmo

Laurdag gjekk startskotet for sprint i skiskyting i Arber, Tyskland. Fenne kom i mål som beste dame, med tida 21:27,6.

Fenne kan sjå tilbake på ein fjerde og ein fyrsteplass frå opphaldet i den tyske byen.

Rask i sporet

Fenne skaut på seg ein bom på liggjande og éin på ståande skyting. Nummer to i mål var russiske Valeriia Vasnetcova, som kom i mål to sekund bak - men utan å ha gått ein einaste strafferunde.

Karoline Knotten vart nest beste norske på fjerdeplass, med null bom på standplass. Ho vart slått med 7,1 sekund av Fenne.

4. plass på 15 kilometer

Det har vore to løp i IBU-cupen i Arber denne veka. Torsdag gjekk Fenne 15 km individuelt renn. Då gjekk ho inn til ein 4. plass, 1:1.16,7 bak Nadine Horchler. Fenne gjekk då i mål med tre bom fordelt på fire skytingar.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.