annonse

Hordaland deler ut 1000-lappar for gode tips

FÅR PENGAR
FÅR PENGAR: 1000 kroner går mellom andre til tipsaren som fortalde oss om filminnspelinga på Bordalen i fjor vinter av Tre nøtter til Askepott. Her ved Linn Rio og Gunnvor Litlere. (Foto: Ingvild Siglen Berger)

Fleire tipsarar får no 1000 kroner tilsendt for gode innspel til avisa i 2017.

Geir Geitle

Hordaland betaler med ulike mellomrom ut 1000 kroner for dei beste tipsa som fører til nyhendeartiklar og reportasjar i avisa.

Av nyhendesaker som Hordaland har fått tips om og som no vert honorerte med 1000 kroner, kan nemnast varslarsaka ved Voss kulturhus.

1000 kroner går også til personen som tipsa om at ein kommunestyrepolitikar frå vårt distrikt var arrestert mistenkt for seksuelle overgrep mot barn.

I oktober skjedde ei døds­ulukke på E16 etter kollisjon mellom ein buss og lastebil. Tipsaren som hjelpte oss å koma i kontakt med ein av passasjerane i bussen, får 1000 kroner. Det same gjer personen som tipsa oss om at Fretex kjem til å leggja ned butikken på Voss til våren.

På Fenno vart det tidlegare i år fotografert gaupe, og personen som ordna det historiske fotoet får 1000 kroner.

Også mjukare saker som Sigmund Gjernes sin kveik til ølbrygging og bensinstasjonsmannen Magne Tesdal (83) sin overgang til pensjonistlivet vert honorerte.

1000 kroner går også til tipsaren som fortalde oss om filminnspelinga på Bordalen i fjor vinter av Tre nøtter til Askepott.

Hordaland kunne dermed presentera både fotoreportasje og video frå filmen som seinare vart den mest sette på Voss i fjor, og som framleis rullar over kinolerretet.

Også i 2018 kjem Hordaland til å dela ut honorar for gode tips. Sit du på nyhende, eller om det skjer spennande ting som du kjenner til, så ta kontakt med lokalavisa. Det kan løna seg.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.