annonse

Hordaland går fram

AUKE
AUKE: Avisa Hordaland opplever ein auke i talet på betalande abonnentar i 2017, med eit opplag som stig med fem. Gjengen på huset er nøgde. Frå høgre er Rolf Tepstad, Terje Hjartnes, Ørjan Brattetveit, Ingvild Siglen Berger, Stine Strand Carlsen, Geir Geitle, Ann Christin Nøss og Alberte Fonneland. (Foto: Marita Saue Hamre)
AVISER I VÅRT OMRÅDE

Onsdag la Mediebedriftenes Landsforening (MBL) fram opplagstala for 2017.

Marita Saue Hamre

Samanlikna med tal frå i fjor ligg Hordaland på plussida, med opplag som stig med fem. Avisa har no eit opplag på 7885, og står sterkt i heile distriktet.

Det var ein glad Hordaland-redaktør som onsdag fekk tala som syner ein opplagsauke.

– Sjølv om det ikkje er så veldig stor auke, så er det gledeleg, seier konstituert redaktør Geir Geitle.

Tala viser at Hordaland har vesentleg fleire betalande abonnentar i år enn fjor, og at dette meir enn kompenserer for at laussalet går noko ned.

– Det er kjekt at me får gode resultat, og positivt svar frå dei som kjøper avisa.

Fyrste pluss sidan 2008

Hordaland har vore på minussida med opplagsutviklinga sidan 2008, men no går tendensen andre vegen.

– Det har vore fleire år med nedgang, så det er utruleg kjekt at me har klart å snu den utviklinga, forklarer Geitle.

Den konstituerte redaktøren tek med seg tala vidare, og har eit klart mål framover om å få ny vekst i inneverande år.

– All honnør til heile staben som jobbar knallhardt for å laga best mogleg avis. No får me kosa oss éin dag, og så skal me jobba vidare med tala som eit godt utgangspunkt, med klart mål om å laga eit endå betre produkt både på papir og nett.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.