annonse

Hordaland med på nynorskavis for born

LANSERING
LANSERING: Nettsida framtidajunior.no vart lansert tysdag. Det neste er ei nynorskavis på papir, og born frå Voss og nabokommunane kjem jamleg til å vera representerte i spaltene. (Foto: Framtida Junior)
REDAKSJONEN
REDAKSJONEN: Christian Wik Gjerde, Ragnhild Sofie Selstø og Svein Olav B. Langåker. (Foto: Framtida Junior)

Snart kjem verdas fyrste nynorske papiravis for born, og Hordaland skal vera med å laga avisa.

Geir Geitle

Tysdag denne veka vart nysatsinga Framtidajunior.no lansert, og om nokre veker kjem verdas fyrste nynorske papiravis for born.

– Me vil laga eit tilbod som er så spennande og godt at borna vil ha lyst til å bruka det i fritida – og så lærerikt og bra og nyttig at foreldra og lærarane vil ynskja at ungane bruker det på skulen og heime, seier redaktør Svein Olav B. Langåker.

Den nynorske nettstaden for born mellom 7 og 13 år vil ha nyhende, faktaartiklar, kultursaker, boktips, spel, skrivekonkurransar, debatt, video, musikk og aktivitetar for born over heile landet.

Stort behov

Hordaland sine lesarar vil snart få stifta kjennskap med nynorskavisa for born. Ho vil gå ut som ilegg til alle Hordaland sine abonnentar, truleg laurdag 4. november. Avisa vil også verta selt i laussal hjå ein del butikkar i området vårt.

– Hordaland sine journalistar kjem jamleg til å levera artiklar herfrå. Born frå Voss og nabokommunane vil vera representerte i spaltene i nynorskavisa, seier Geir Geitle, redaktør i Hordaland.

Ei undersøking på barneskular i nynorskområde, viser at 97 prosent av kontaktlærarane ynskjer fleire digitale læringsressursar på nynorsk.

– Dette viser at det er eit stort behov for fleire tilbod på nynorsk, seier Svein Olav B. Langåker.

Tysdag vart nettsidene lanserte på Sagvåg skule på Stord.

Stort samarbeid

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Framtida.no, Magasinett, ABC Startsiden og Samlaget har tatt initiativ til storsatsinga. Både Kulturdepartementet, Utdanningsdirektoratet og Sparebanken Vest støttar oppstarten.

– Me er veldig glade for spleiselaget me har fått til, seier Svein Olav B. Langåker.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar har drive med digitale satsingar retta mot born og unge i over 20 år. Framtidajunior.no er den største satsinga sidan Framtida.no blei starta for sju år sida. Nyhende- og debattavisa for ungdom har opplevd ein stor auke i brukartalet, og har så langt i år hatt over ein halv millionar brukarar innom nettsidene sine.

– Ein viktig grunn til at det har gått så godt med Framtida.no, er det gode samarbeidet me har hatt med både lokalaviser, nynorske organisasjonar og mange andre, seier Langåker.

Framtidajunior.no vil også samarbeida med ei rad andre.

Startar papiravis

Fyrste helga i november kjem Framtida junior som papiravis.

Lokalavisene Hallingdølen, Hordaland, Os og Fusaposten, Sogn Avis og Sunnhordland er alle med på samarbeidet med LNK og Framtida.no.

– Eg er utruleg glad for at Noregs beste lokalaviser er med på denne satsinga, seier Svein Olav B. Langåker.

Papiravisa vil vera ei abonnementsavis som kjem ut kvar 14. dag, med nyhende, faktaartiklar, kultursaker, boktips, teikneseriar, kvissar og mykje anna unikt, interessant og kjekt innhald.

– Me vil ta born og unge på alvor, og bidra til å visa fram og auka engasjementet deira, seier redaktøren for barnesatsinga.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.