annonse

Hordaland sender direkte frå gondolen

YNSKJER VELKOMEN:
YNSKJER VELKOMEN: – Velkomen til Voss Gondol, ynskjer Sigbjørn Slåtten (Utviklingsdirektør) på veg ut av gondolen med Øyvind Wæhle (Adm. direktør Voss Resort), Anna Bryn (Dagleg leiar Voss Resort Fjellheisar) og Synva Vinje (Marknadssjef). (Foto: Ørjan Brattetveit)

10. juli opnar Voss Gondol med ny gondol og restaurant på Hangur.

  • Redaksjon@avisa-hordaland.no

Hordaland sender direkte frå opninga på nedre stasjon ved gondolen.

Direktesendinga startar klokka 09.55 onsdag.

Programmet

I løpet av opninga klokka 10 skal namna på kabinane offentleggjerast, deretter skal dei som tok siste turen med Dinglo og Danglo få fyrste turen med nye gondolen.

Journalist Ørjan Brattetveit er reporter, medan journalist og nettansvarleg Marita Saue Hamre skal vera kameradame, og ta seg av det tekniske.

Sjå video frå prøveturen med gondolen, samt intervju med Wæhle og Slåtten om prosessen og utfordringane undervegs i prosjektet.

Les òg:

Offisiell opning i september

Komande onsdag opnar den nye gondolbanen.

– Dette vert ein stor dag for oss. Etter mange år med planlegging og intens jobbing, er me endeleg klare til å ta i mot folk, seier Øyvind Wæhle, som er administrerande direktør i Voss Resort.

Offisiell opning vert 26. september.

– I september vert det meir pomp og prakt med mange gjester. Sidan det har vore ein del uvisse rundt kva dag me kunne koma i gang her, tek me berre ei rolegare opning onsdag, seier Wæhle.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse