annonse

Hordaland sender direkte frå Voss Cup

SENDER DIREKTE
SENDER DIREKTE: Nettansvarleg og journalist Marita Saue Hamre skal vera kameradame, medan sportsjournalist Ørjan Brattetveit er reporter under direktesendinga frå Voss Cup i helga. (Foto: Stine Strand Carlsen)

Hordaland sender direkte frå fotballkampar, folkeliv og intervju med fotballglade vossingar.

Fredag vert Voss Cup sparka i gang for 29. gong på Voss.

Laurdag sender Hordaland direkte frå folkelivet på Prestegardslandet og ved fotballbanane i sentrum.

Sendinga startar klokka 10.20, og det vert reportasjar og intervju.

Hordaland vil fylgja spesielt med kampen mellom jentelaga til Bulken og Eldar i klasse jenter 2012 som startar klokka 10.30.

Sendinga vil strekkja seg litt utover føremiddagen.

Endå betre tilbod

På denne måten ynskjer Hordaland å gje lesarane eit endå betre tilbod om dekking av kva som skjer i distriktet vårt.

To journalistar er i aktivitet laurdag.

Sportsjournalist Ørjan Brattetveit er reporter, medan journalist og nettansvarleg Marita Saue Hamre er kameradame, og tek seg av det tekniske.

Les òg:

Send inn dine foto

Fotballturneringa Voss Cup samlar fleire tusen fotballglade til Voss helga 14. til 16. juni 2019.

Hordaland og Voss Cup ynskjer å sjå dine beste blinkskot frå helga.

Send oss bilete frå cupen, og bli med i trekninga av ein tur med gondolen og middag for to på restauranten.

Slik deltek du

Send bileta til avisahordaland på Snapchat.

På e-post til vosscup@avisa-hordalaland.no.

Eller bruk hashtag #avisahordaland, #vosscup og #vosscup2019 på Instagram.

Merk gjerne kontoen til Voss Cup: @vosscup.no på Instagram, òg.

Sjekk ut det stilige filteret vårt på Snapchat.

Biletserie på nett

I løpet av helga kan du sjå alle bileta i ein biletserie på www.avisa-hordaland.no, og på Voss Cup sine kanalar.

Konkurransen gjeld frå fredag 14. juni til sundag 16. juni.

Vinnaren vert kåra måndag 17. juni.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse