annonse

Hovudverneombodet er medspelar

AVSKJED
AVSKJED: I Hordaland 11. mars i fjor fortalde Asjørn Nyberg at han den siste dagen sin i Voss kommune fekk beskjed om at dersom det ikkje hadde vore hans siste arbeidsdag, hadde det blitt vanskeleg for han å halda fram som arbeidstakar i Voss kommune. - Litt av ei helsing å få med seg inn i pensjonisttilværet. Litt av ei helsing å dra med seg som det siste, avsluttande minnet om Voss kommune som arbeidsgjevar, skriv redaktør Geir Geitle. (Foto: Ingerid Jordal)

Voss kommune har hatt ein del arbeidsmiljøsaker i seinare år. Dette er eit urovekkjande symptom på at tilstanden kanskje ikkje er som han burde vera på feltet.

Me skal ikkje ta stilling i konkrete saker, men påpeika at kommunen har verneombod på dei ulike arbeidsplassane og eit hovudverneombod for heile kommunen totalt. Dei er der for å vareta eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.

DET FØRRE hovudverneombodet, Asbjørn Nyberg, og leiinga i Voss kommune kom alvorleg på kant i siste perioden han var hovudverneombod.

Etter vårt skjøn er det svært uheldig når det går så langt at kommunen og hovudverneombodet endar opp i ein så bitter konflikt. I Hordaland 11. mars i år fortalde Asjørn Nyberg at han den siste dagen sin i Voss kommune fekk beskjed om at dersom det ikkje hadde vore hans siste arbeidsdag, hadde det blitt vanskeleg for han å halda fram som arbeidstakar i Voss kommune.

LITT AV EI HELSING å få med seg inn i pensjonisttilværet. Litt av ei helsing å dra med seg som det siste, avsluttande minnet om Voss kommune som arbeidsgjevar.

Arbeidsmiljølova gjeld for alle, også hovud­verneombod, peikar rådmann Einar Hauge på. Ja, men det handlar også om å byggja ein organisasjon som også er open nok for kritiske innspel, og der varslarane kjenner seg handsama på ein trygg måte.

OGSÅ I DEN SISTE varslarsaka der verneombodet på kulturhuset varsla mot kommunalsjefen innan kultur og fritid, kjem noverande hovudverne­ombod i Voss kommune, Trude Kvarekvål Lydvo, med interessante synspunkt på ombodet si rolle.

I rapporten som advokaten til Voss kommune, Harald Pedersen utarbeidde, framfører han ­kritiske merknader. Advokaten tek til orde for at Lydvo burde erklært seg inhabil under tvil, og ikkje gått aktivt inn i saka etter at varselet vart sendt.

DETTE STÅR I KONTRAST til kommentarar frå Arbeidstilsynet­ Lydvo refererer til. Arbeidstilsynet opplyser at «Arbeidsmiljøloven har imidlertid ingen bestemmelser som går på inhabilitet eller vurdering av dette. Verneombud kan vanskelig sies å være inhabil i ein varsling, såfremt det ikke er verneombudet selv saken dreier seg om.»

Hovudverneombod Trude Kvarekvål Lydvo skriv i merknadene til rapporten: «Eit varsel må ikkje ende opp slik at kvart ord ein seier vert snudd, vridd og vendt på av juridisk personell slik at ein seinare ikkje torer å varsle i frykt for å gjere noko gale. Verneombod og hovudverneombod er valde, lovpålagte funksjonar tilsette har tatt på seg, med minimal opplæring der vanleg, sunt folkevit er det me stort sett har å stille opp med i vår vurdering av om arbeidsmiljøet er forsvarleg eller ikkje.

VOSS KOMMUNE MÅ sikra ein måte å ta godt vare på hovudverneomboda på. Dei er der for å bidra til å skapa eit godt arbeidsmiljø.

Her har Voss kommune og hovudverneombodet ikkje motstridande, men felles interesse. Voss kommune er tent med at dei tilsette opplever eit godt arbeidsmiljø, som hovudverneombodet er ein viktig aktør for å vera med og skapa.

Då må forholda leggjast til rette slik at hovudverneombodet ikkje vert ein motstandar, men ein medspelar.

Arbeidsmiljølova gjeld også hovudverneombodet.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.