Avisa Hordaland

Nyhende

Humor og alvor

Humor og alvor

Ho gjer elleville stunt på revyscena, men eigentleg er Marit Norheim Olde ein privat person, som likar triste songar best.

Den store film-snakkisen på Voss i vinter er Askepott frå Bordalen. Ungdomslaget sin lokale versjon at tv-klassikaren vart publikumssuksess i Hovdatun og Voss kino. Folk har gått mann av huse for å sjå heilt vanlege bordøler kledd i tights og kjolar, som rir på hest gjennom snøføyka, skyt med armbrøst og dansar med kongeleg eleganse på ball. Og sjølvsagt får den vakre prinsessa prinsen sin til slutt. 

– Det var ein vill ide eg hadde. Men folk her svara JA. Det er heilt unikt på Bordalen. Folk tek ikkje seg sjølve så høgtideleg. Det er heile poenget, at me kan gjera noko i lag, born og vaksne, og at ungane ser at også dei vaksne kan leika og by på seg sjølve, seier primus motor Marit Norheim Olde. 

I alt 95 små og store var med på filminnspelinga i fjor vinter. Marit hadde regi og filming. Irene Tillung tok ansvar for musikken. Alt etterarbeid, å klyppa, redigera, og lesa inn og leggja på stemmer, har Marit brukt kvar ledig stund til, i om lag eit halvt års tid. Då passa det bra at fysioterapi-jobben er 50 prosent. Det er nok når ein har så mange jern i elden, som treningsinstruktør, bondekone, mamma, revyartist og filmskodespelar.

PRIVAT - UT I NATUREN Marit er glad i å komma seg ut i naturen, og står gjerne på hovudet for fotografen.

UT I NATUREN: Marit er glad i å komma seg ut i naturen, og står gjerne på hovudet for fotografen.Foto: PRIVAT

– Livet er her og no

– Å seia opp fast jobb og hoppa ut i noko meir usikkert, gjorde eg for mange år sidan. Det er eitt av dei beste vala eg har gjort. Eg vert provosert når folk seier at alle skal jobba fullt. Skal me ikkje bestemma sjølve? Då eg jobba som fysioterapeut på sjukehuset, møtte eg folk i siste livsfase. Det fekk meg til å tenkja. Det er mykje snakk om å tena seg opp pensjon, men eg har ingen garanti for at eg lever til eg vert pensjonist. Livet er her og no. Det gjeld å bruka tida best mogeleg, på det som er viktig for oss. Familie. Gode samtalar. Vera i livet. Leika og le. Det handlar om å vera aktivt til stades, og medviten på korleis ein brukar tida, ikkje berre sigla med. 

Leik og latter er gode ingrediensar. Men tårer og tunge tankar høyrer også med i eit vanleg liv. I løpet av nokre få år i ungdomen opplevde Marit at fleire unge i hennar omgangskrins døydde, i ulukker, sjukdom og sjølvmord. Det gjorde noko med Marit sine tankar om livet, og forma henne som person.

– Døden er ein del av livet. Me må ikkje fjerna oss frå det. Det er ein lærdom i å ha det tungt. Viss ein kan bruka det til noko positivt, kan ein også leva meir.

Det er dei sterke kontrastane som engasjerer Marit mest. Ho er eit kjenslemenneske, men også eit handlingsmenneske. Like gjerne som å vera sosial og sprelsk på revyscena, set ho pris på stille morgontimar ved kjøkenbordet eller åleineturar i skogen. På spotify-spelelista finst både kyrkjeorgel, klassisk musikk, rock, trekkspel og electronica. Og sjølv om ho eksponerer seg ellevilt på scena med lått og løye, er det dei triste songane ho likar best. Slike som tek opp dei viktige spørsmåla. 

Se dette bildet i full størrelse
PRIVAT - KNERTEN Med mor og far til Knerten, Anders Borchgrevink og Renate Reinsve.

KNERTEN: Med mor og far til Knerten, Anders Borchgrevink og Renate Reinsve.Foto: PRIVAT

Naboen til Knerten

«Å vera her og no» vart kåra til beste vise på Gapskratten Revyfestival. Då song Marit til sin mobiloppslukte partner at «du er heile tida på, men i livet er du av». Om vera oppteken av snap og likes, i staden for å vera til stades i eige og andre sine liv. Songen kan høyrast i gamlekinoen 9. og 10. februar, under mønstringa «Litt tao kvart» med innslag frå fleire lokale revyar. 

Marit Norheim Olde som skodespelar kan ein også sjå på kino i filmen Ekspedisjon Knerten. Amatørskodespelaren vart nærast headhunta til rolla som nabokone, ei rolle som betydde mange turar til Oslo og til Eidfjord der Knerten skulle oppleva vestlandsvinter. 

Teater- og revybasillen fekk Marit i blodet alt som ungjente gjennom 4H-arbeid. Seinare har ho studert revy ved høgskulen i Nord-Trøndelag, og delteke på ei rekkje festivalar. Under Norsk Revyfestival i 2013 vart Marit sin song «Ho Helga datt» kåra til Publikumsfavoritt. Med duoen Marerutt har Ruth Kristin T. Trå og Marit Norheim Olde gjort suksess både lokalt, nasjonalt og til sjøs. Jola for fire år sidan underheldt dei elleville vossadamene mannskapet på Oseberg feltsenter. 

Saknar Fraktgodsen

– Åra med Vossalått-gjengen har vore heilt gull, når Ruth og eg lagar revy saman med Magne Berge, Jan Skutle og Arild Petersen. Me hadde ei fantastisk scene i gamle Fraktgodsen. At den vart borte, var eit tap for bygda. 

Saka kveikjer framleis frustrasjon. På same måte som skulenedleggingar og andre vedtak ho har kjempa imot, har verka å vera «førehandsbestemte». 

– Eg opplever at ting i realiteten er bestemt før dei kjem opp til avgjerd. Eg skulle ynskja det var meir rom for å lytta og diskutera. Dei som har makt, både politikarar og administrasjon, burde kanskje reflektera litt meir over rolla dei har.

– Er du freista til å gå inn i politikken sjølv?

– Nei, det er ikkje lett å finna eit parti der ein er einig i det meste. Det må vera lov å engasjera seg utan å vera med i politikken. For meg er det meir rett å bruka folket sin talarstol: revyscena. Revy er ein super arena når ein meiner mykje, slik som eg. Til dømes meiner eg at det gjer noko med vår evne til å reflektera når me i staden for å tenkja og diskutera, heller dreg fram mobilen og googlar alt. Me er vane med å finna alle svar med ein gong. Det handlar Google-songen om. Me taper noko når me heile tida er «ein annan stad». Og kva gjer det med helsa vår? 

Se dette bildet i full størrelse
PRIVAT - REVY-NM Med Odin Helstenius og Are Sende Osen då ho vann publikumsprisen på Revy-NM i 2013.

REVY-NM: Med Odin Helstenius og Are Sende Osen då ho vann publikumsprisen på Revy-NM i 2013.Foto: PRIVAT

Sunt å kjeda seg

Me kan visst ikkje venta på nokon ting lenger. Er det eitt minutt ledig, må ein sjekka telefonen. 

 – Kvifor ikkje la tankane gå sine eigne vegar? Det er sunt både å venta på ting og å kjeda seg. Me treng tid til refleksjon, for å verta seg sjølv bevisst og for å fanga opp nyansar i det som skjer rundt oss. Då er det lettare å tenkja over eigne synspunkt og å sjå andre sider av ei sak. 

– Eg klarar sjølv! Det var Marit sitt svar i oppveksten, kvar gong foreldra ville hjelpa. Sjølvstendig, aktiv og arbeidssam har ho vore både som barn, ungdom og vaksen. Ho hadde ein trygg og god oppvekst i byggjefelt i Skulestadmoen, med mamma Kjellaug og pappa Dagfinn Norheim. 
Tekst.m.innrykk: I helgane var dei ofte på Gjerstad, for å besøkja besteforeldra og hjelpa til på onkel sin gard. For einebarnet Marit var det stor stas med alle syskenborna der. Elles var ho pappajente, og seinare ei ujålete gutejente. Når mora prøvde å få på henne fin bluse, ville Marit heller ha den gamle genseren etter bestefar. 

Natur og dyr, friluftsliv, turn, fotball og ski. Det var livet. Telemarkskøyring var favoritten, og Marit deltok både i NM og VM.

– Gjennom åra på skigymnaset, med fag som anatomi og biomekanikk, fekk eg lyst til å studera fysioterapi. Kroppen er heilt utruleg fascinerande. Di meir eg lærer, di meir imponert vert eg over kor genialt heile systemet er. 

Som fysioterapeut ved Sentrum Fysioterapi, med nevrologi som spesialfelt, møter Marit menneske med ulike utfordringar, etter sjukdom, skader eller andre belastningar. I somme tilfelle handlar det om å forstå årsaker til symptoma, og å hjelpa til med å endra desse. Nokre har levd lenge i prosessar som belastar, medan andre har opplevd brå sjukdom eller skade.

Se dette bildet i full størrelse
PRIVAT - TIL SJØS Marerutt på tokt i Nordsjøen, Oseberg jola 2014.

TIL SJØS: Marerutt på tokt i Nordsjøen, Oseberg jola 2014.Foto: PRIVAT

– Slagpasientar opplever ei stor omvelting i livet sitt. Det er krise og sorgprosess når ein mistar funksjonar ein før har hatt. Det gjev meg mykje å kunna bidra til at folk får det betre. Møte med menneske som opnar seg for deg, er ein gjevande prosess. Eg blir glad når dei opplever framgang og er nøgde med behandlinga.

Men det er leitt å vita at mange ventar svært lenge på fysikalsk behandling. Behovet aukar heile tida, og berre akuttilfelle kjem til nokolunde raskt. 

– Eg blir frustrert kvar gong eg ser i ventelisteboka. Men eg må forhalda meg til dei pasientane eg har inne, og så er det kommunen sitt ansvar å ha godt nok dimensjonerte tenester. Me har gjeve beskjed i årevis at ventelistene veks. No ved årsskiftet skal eg skriva ny rapport, og det er ikkje blitt betre enn i fjor.

Å ta vare på både menneske og natur har lege hjarta nær for Marit heile livet. Miljøvern er sjølvsagt når ein er glad i naturen. Ho vert redd, trist og sint når ho les om isen som smeltar, plasten i havet og utbygging av endå fleire vassdrag. Kva med å hegna om den urørte naturen, og heller spara og utnytta energien betre?

– Eg tenkjer eg i alle fall skal gjera mitt vesle bidrag. Å sortera og attvinna avfall er enkelt. Å tenkja gjennom kva ein treng før handleturen, gjer at ein kjøper mindre. Og all denne flyginga for å vera vekke ei langhelg, vert ein lukkelegare av det? Viss det viktigaste er å vera saman, kanskje ein kan dra til ein stad som berre er ei togreise unna?

Fint på Bordalen

Tekst.u.innrykk: Når ein bur på Olde på Bordalen, der sola skin medan skodda ligg tjukk over sentrum, har ein utsyn over flotte fjell på fleire kantar. Før intervjuet som føregjekk ved eit koseleg lunsjbord, hadde Marit rokke å ta ein skitur på føremiddagen. 

– Eg elskar å bu så nær naturen. Her på Bordalen er det så fint! Eg er verkeleg heldig og har mykje å takka for, seier Marit.

Ho legg det ikkje ut på Facebook, men kan gjerne fortelja på tomannshand kor takksam ho er for å vera mor til Olav på 13 og Kristina på 17, å vera gift med ein kjekk og snill mann som Knut Arvid, og at dei bur på ein så fin stad. Nedanfor huset ligg fjøsbygningen, med 50 spelsauer og ein fjordhest. Og snart skal dei byggja ei kultursmie oppå garasjen, ein kreativ verkstad med plass til kostymelager og rekvisittar.

Knut Arvid og Marit møttest i bygdeungdomslaget, og vart eit par i 1994. Dei er eit godt team, med felles verdiar, hus og gard og to tenåringar. 

– Som mor har eg prøvd å vera til stades, og å vera ein god samtalepartnar. Me har alltid teke ein kveldsprat, snakka litt om dagen som har gått, om kva som er bra og kva som ikkje er så greitt. Så kan ein reflektera litt over korleis ein skal handtera ting.

Kveldspraten kan gjerne føregå under open himmel. Anten på tur eller oftast berre på verandaen. Marit er nemleg ein erfaren uteliggjar. Når veret teiknar sånn nokolunde, tek ho med seg dyne, madrass og saueskinn ut på verandaen. Stundom får ho med seg mann eller born, men ho kan også sova åleine. Og i den friske lufta søv ho som ein stein. Og sprett opp i 5-6-tida, det gjer ho uansett. Morgonstund har gull i munn. 

Då tuslar ho rundt i huset, set på ei maskin med klesvask, gjer unna litt kontorarbeid, skriv litt på ein songtekst eller berre nyt morgonljoset som fargar fjella før det er tid for frukost med familien. Det er godt å starta dagen roleg. Til gjengjeld er morgonfuglen ekstremt kveldstrøytt, og meiner sjølv ho ikkje er brukande til noko etter klokka 18. Skal ho ut på oppdrag med Marerutt, må ho gjerne ta ein powernap i kulissane. 

PRIVAT - SLETTAFJELLET Med pappa Dagfinn Norheim på slalåmski på Slettafjellet i 1979, då Marit var 4 år gammal. Marit var pappajente i oppveksten.

SLETTAFJELLET: Med pappa Dagfinn Norheim på slalåmski på Slettafjellet i 1979, då Marit var 4 år gammal. Marit var pappajente i oppveksten.Foto: PRIVAT

Avhaldskvinne

Showbiz og seine kveldar, dans på bordet og jubalong. Jauvisst, men alltid i edru tilstand. Marit er totalavhaldskvinne, og har alltid vore det. At det er den som ikkje drikk, som er «unormal», og må forklara standpunktet, tykkjer ho er rart. Det burde kanskje vore omvendt.

– Det er temmeleg enkelt for min del. Eg tykkjer ikkje alkohol smakar godt, og eg har aldri kjent behov for rusen. Gje meg heller eit glas god eplesaft frå Ulvik! Dessutan er det kjekt å visa ungdom at det går an å ha det veldig moro utan alkohol.

Marit knaskar på eit knekkebrød, gode heimelaga knekkebrød ho har fått frå revyveninna Ruth Kristin Trå. Ruth fortel til Hordaland at ho er enormt glad for å ha Marit i livet sitt, særleg fordi ho i tillegg til å vera morosam og ekstremt musikalsk, også er så dønn påliteleg og ærleg. Når Marit blir fortalt dette, veks det fram noko vått i det knallblå blikket. Ho kan også klikka av i boksen for Lettrørt.

– Jau, eg prøver å vera ærleg, både privat og i jobben. Det handlar om korleis ein uttrykkjer seg, og aller helst stilla spørsmål som opnar for refleksjon. Det er det som gjer jobben som fysioterapeut så gjevande, å møta folk, finna ut kven dei er og kva me kan utretta i lag. 

Då må ein leggja av alle masker, møtast ærleg, og vera hundre prosent til stades.