annonse

Hus og heim frå Omsk til Voss

FOLK I HUSA
FOLK I HUSA: Tatiana Stadnichenko har levd eit nomadeliv. Fasadar i Bergen har vore kvardagen hennar dei siste åra. No må kunstnaren reisa attende til Russland. (Foto: Ingerid Jordal)
RUSSISK FABRIKK
RUSSISK FABRIKK: Stadnichenko sin bakgrunn frå industribyen Omsk, tusenvis av kilometer aust for Moskva, kjem til syne i bilete frå fabrikkar. Gradvis flyt dei over i italienske fasadar. (Foto: Ingerid Jordal)

Minne om husfasadar og fabrikkpiper frå heile verda flyt framføre augo våre i Tatiana Stadnichenko sin installasjon.

  • Ingerid Jordal

Ho er årets festivalkunstnar på Vossa Jazz. Tatiana Stadnichenko kjem frå industribyen Omsk, tre døgns togreise aust for Moskva­. Noko av det ho syner oss, er ein russisk fabrikk­bygning. Og så Tintrabrua, og eit gammalt trehus frå Bergen.

BILETE FLYT. Inne i galleriet i kjellaren på kulturhuset tek utstillinga form. Det fyrste rommet er dominert av to store ark som heng frå golv til tak.

Arka er krølla, og fungerer som lerret. Bilete av metall, treverk, lafta hus og husnummer flyt nedover arka, og buktar seg etter bulkane. Nesten alle verka i utstillinga er projiserte videoarbeid. Utstillinga har fått namnet «Shifting ground» og er eit samarbeid mellom Voss kunstlag og Vossa Jazz. Tatiana Stadnichenko gjekk ut av Kunsthøgskulen i Bergen i fjor, og er handplukka av kunstlaget.

BYGGVERK. - Me utfordra Tatiana til å ta i bruk rommet, og det har ho verkeleg gjort, seier Kristine Akselberg i kunstlaget. Ho er spent på å sjå utstillinga heilt ferdig.

Heilt inst i det neste rommet er ein stor projeksjon med svart bakgrunn. Her vert bileta projiserte­ på papirark, treverk og andre ulike materiale, som i seg sjølv er som ein skulptur. Me får sjå høghus i Moskva, russiske fabrikkpiper, italienske husfasadar, og Tintrabrua på Voss. Alle desse byggverka flyt, heile tida nedover, kanskje bortover, inn i og over kvarandre. Imellom vert bileta blanda med strekar og teikningar, og plutseleg kjem nokre lydar frå ein høgtalar.

Felles for alle verka er byggverk og bygningar i ulike former.

MINNE. - Eg har teke inspirasjon frå stader eg har budd. Minne og kjensler kan verta knytte til arkitekturen. Eg har budd i 20-etasjars blokk i Moskva­, og eit lite loft i trehus i Bergen. Det kjennest veldig ulikt.

Stadnichenko har bakgrunn frå klassisk måleri og trykk, men fortel at to dimensjonar «vart for lite for henne». Dermed byrja ho med videoinstallasjonar.

- Eg vil at me skal ta i bruk fleire sansar når me ser på kunsten.

NOMADISK. Migrasjon og globalisering gjer verda mindre. Sjølv har kunstnaren erfart at nomadelivet kan vera utfordrande.

- Kvar bur du no?

- Vanskeleg spørsmål! Eg har vore i Italia i nokre månader, men no må eg reisa attende til Russland på grunn av at eg ikkje har fått fornya visum.

Utstillinga «Shifting ground» opnar fredag i samband med Vossa Jazz, og heng i Kultur­huset ut april.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.