annonse

I fritt fall over Voss – heile veka

SJÅ OPP!
SJÅ OPP!: Denne veka skal 65 deltakarar hoppa frå fly over Voss. Då kan du venta heftige scener. Biletet er frå NM i fallskjerm for to år sidan. (Foto: Ron Holan/Arkiv)

Tysdag kveld går startsskotet for NM. No skal dei beste fallskjermhopparane i landet kårast.

Siri Flatlandsmo

Deltakarar frå heile landet står klare for å utfolda seg i atletiske prøvelsar i luftrommet over Bømoen. Treninga er alt godt i gang, og det finst 63 grunnar til å løfta blikket dei neste dagane.

– Fallskjerm har byrja å verta stort no, seier NM-speaker, Egil Bye.

Han er til stades for at tilskodarane på bakken skal få med seg kvasom skjer langt over hovuda på dei.

Lokale i nesten alle greiner

Luftakrobatikken vil vera synleg på ein storskjerm ved landingsområdet, til glede for både for publikum og landa deltakarar.

Denne veka skal det kårast noregsmeistrar i åtte ulike disiplinar, inkludert vengjedress (wingsuit).

Fallskjermhopping er ein av få idrettar der kjønn ikkje spelar nokon rolle, så det finst ikkje eigne kvinneklassar. Men det finst ei røys med greiner innanfor fallskjerm. I alle bortsett frå FSR-4, formasjonshopping med rekruttar, stiller Voss fallskjermklubb (VFSK) med deltakarar.

Mange erfarne lokale

I greina formasjonshopping med fire personar, FS-4, er laget Sølvrevane påmeld for Voss fallskjermklubb (VFSK), med dei erfarne hopparane Stian Overå, Oddne Juvik, Stian Hansen og Erik Vliegenthart

I klassen FS-8 hoppar dei same fire, men saman med Ellen Aasgard, Kjetil Viste, Kine M. Hansen og Stian Fredriksen også. Laget heiter SølvTø(Y).

I greina vertikal formasjonshopping, VFS, stiller berre eitt lag: Vossalaget «Blue Pelican». Her er deltakarane Derek Nordlund Broughton, Andreas Håland Hemli, Ulrik Høgsberg og Sondre Armand Tømmervold.

Artistisk friflyging

I klassen FF, eller friflyging, stiller Voss med laget Zion. Det består av Anna Moxnes og Petter Stensvold.

I klassen FFR, friflyging rekrutt, stiller Voss fallskjermklubb med to lag: Dreamteam med Carina Kvamme og Jarle Hus og «Rumpelandingslandslaget» med Stine solberg og Kristine Langeland Foss.

Rumpelandingslandslaget stiller også i klassen Nybegynnar FS/FF.

Vengjedress

I den individuelle greina Wingsuit performance flying stiller Amber Forte, Andreas Håland Heml og Espen Fadnes frå Voss fallskjermklubb. Fadnes vann mellom anna FAI-verdscupen i 2015.

NM i vengjedress vart for fyrste gong arrangert på Voss for to år sidan. Her vert deltakarane måla på både distanse, tid og hastigheit.

– På distansegreina gjeld det å finna det beste glidetalet, nett som ein fugl, seier speaker Bye.

Treng to-tre fine dagar

Fallskjermdisiplinane er vêravhengige sportar.

– Me treng to–tre gode dagar for å få fullført alle øvingane, forklarar Håland Hemli, dagleg leiar i Voss fallskjermklubb.

Det ser førebels lovande ut for arrangementet:

– Det ser ut som om det kan verta ein i alle fall halvfull dag onsdag og torsdag.

Men vidare framover er vêret framleis usikkert.

– Men det vert alltid betre enn det er meld her, seier optimisten sjølv, Håland Hemli.

Til og med viss ikkje vêret speler heilt på lag, har Håland Hemli ein plan: Drive In-kino på landingsområdet.

Den offisielle opninga går av stabelen tysdag kveld, nokre timar seinare enn planlagt.

– Me må utnytta finvêret til trening først, seier Håland Hemli.

Men onsdag morgon er konkurransane i full gang.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.