annonse

I kveld kan du gå på skeiser utanfor Gamlekinoen

NOKO USTØ
NOKO USTØ: Kristin Lemme fekk testa skeisebanen som opnar i kveld. Ho oppmodar folk til å bruka hjelm. (Foto: Ingvild Siglen Berger)
STRAKS KLAR
STRAKS KLAR: Tysdag føremiddag var Asbjørn Tveit, Kristin Lemme og Hege Ukvitne på isen for å inspisera. (Foto: Ingvild Siglen Berger)
SKEISING
SKEISING: Kristin Lemme hadde ikkje skeisa på to år då ho testa isbanen utanfor tinghuset. (Foto: Ingvild Siglen Berger)
LITT UJAMN
LITT UJAMN: – Isen vert ikkje heilt jamn, men betre og betre, seier Asbjørn Tveit i kommunen sin Grøn etat. Her med Kristin Lemme i sving. (Foto: Ingvild Siglen Berger)

Klokka 18.00 i kveld opnar skeisebanen mellom Gamlekinoen og tinghuset på Voss.

Ingvild Siglen Berger

– Dette er eit lågterskeltilbod opent for alle. Banen er veldig liten og tilpassa dei minste, men alle kan prøva seg. Me gjer det for å skapa liv i sentrum, seier Kristin Lemme.

Tysdag føremiddag testa ho sjølv banen, noko ustø på skeisene.

– Eg er dritnervøs, eg kan jo ikkje dette! Eg har ikkje gått på skeiser på to år, seier Lemme.

Ut februar

Arbeidet med å byggja isbanen starta før helga, med å byggja ramma, leggja grus, presenning, plater og så is. Kommunen har fått plastplater frå Norges Skøyteforbund, slik at ein framleis skal kunna gå på skeiser dersom det vert mildare og isen smeltar.

– Når det vert kaldare legg me på meir is etter kvart. Me har ikkje gjort dette før, så det vert som det vert. Planen er at banen skal vera her ut februar, fortel Lemme.

Få folk ut

Skeisebanen har vorte til som eit ledd i den nye sentrumsplanen, der Voss kommune skal ha to småprosjekt i sentrum som går på midlertidige byrom.

– Det andre prosjektet er ein konstruksjon i tre som skal vera på Torget. Den vert framleis teikna, så me veit ikkje heilt korleis den vert. Uansett skal det vera noko born kan klatra i eller liknande, seier prosjektleiar Elisabeth Lillegraven i planavdelinga hjå kommunen.

Kommunen har fått tettstadsmidlar frå fylkeskommunen til å laga desse midlertidige prosjekta, som vert til i eit samarbeid mellom planavdelinga, Grøn Etat, Bygg og Eigedom og Næringsavdelinga i kommunen.

– Me ynskjer å få folk ut, stimulera til byliv og at vossingane skal taka i bruk Vangen meir. Så me håpar skeisebanen vert brukt, seier Lillegraven.

Bruk hjelm!

Fram til isbanen opnar i kveld, skal Grøn etat fylla på med vatn ein gong i timen.

– Den vert ikkje heilt jamn, men betre og betre, seier Asbjørn Tveit.

Ljoskastaren er alt på plass, og den vil stå på med «timer» frå klokka 07.00 til 23.00 kvar dag.

– Så får me eventuelt justera etter kvart, seier Lillegraven.

Folka bak skeisebanen oppmodar alle som vil bruka den til å ha på seg hjelm.

– Ein er her på eige ansvar, seier Lemme.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.